Idiosynkrasi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Idiosynkrasi, frå gresk ιδιοσυγκρασία idiosynkrasia: idio, eigen + syn, saman + krasia, blanding, er eit omgrep som blir nytta om «noko som er særeige for ein enkelt person eller ei gruppe, og det hindrar denne personen eller gruppa i å bli omfatta av ein regel eller bli teke med i ein kategori».

Det kan også vere ein person sin motvilje mot ein person, eit omgrep eller ein ting. Eksempel: «Sjefen avviste kategorisk å kome før klokka 9, å tilsette brunetter og å bruke tid på detaljar som rekneskap. Desse idiosynkrasiane førte til slutt til at firmaet gjekk konkurs.»

Medisinsk[endre | endre wikiteksten]

Innanfor legevitskapen er idiosynkrasi ein abnorm reaksjon mot visse stoff - stort sett synonymt med allergi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]