Idomeneo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Idomeneo
K. 366
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1781
Første framføring 29. januar 1781
Typisk lengd 167:54
Satsar 34 (Akt 3)
Libretto av Giambattista Varesco

Idomeneo, re di Creta ossia Ilia e Idamante (italiensk for Idomeneo,[1] kongen av Kreta, eller Ilia og Idamante; vanlegvis berre kalla Idomeneo, K. 366) er ein italiensk opera av Wolfgang Amadeus Mozart. Librettoen vart tilpassa av Giambattista Varesco frå ein fransk tekst av Antoine Danchet, som vart sett til musikk av André Campra som Idoménée i 1712. Mozart og Varesco vart bestilte i 1780 av Karl Theodor, kurfyrste av Bayern, for hoffkarnevalet hans. Han valte truleg temaet for operaen, men det kan òg ha vore Mozart.[2]

Stilen med koralar, marsjar og ballettar var veldig fransk. Operaen vart først framført i Cuvilliés teater i München Residenz den 29. januar 1781, dirigert av Mozart sjølv. Idomeneo var den første modne operaen til Mozart. Dramatisk høyrer operaen til opera seria-tradisjonen med formell bruk av koralar. Mozart krangla mykje librettisten og kutta mykje og gjorde store endringar, sjølv ned til spesifikke ord og vokalar som songarane mislikte.[3] Idomeneo vart framført tre gonger i München. Ei konsertframføring vart gjeven i 1786 i Palais Auersperg i Wien. For dette skreiv Mozart noko ny musikk, kutta ut noko og endra Idamante frå ein kastrat til ein tenor.

I dag er Idomeneo ein del av standardrepertoaret i opera.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Anton Raaff as Idomeneo in Munich
Rolle Stemme Premierebesetning, 29. januar 1781
(Dirigent W. A. Mozart)
Ilia, dotter til kong Priam av Troja sopran Dorothea Wendling
Idomeneo (Idomeneus), Kongen av Kreta tenor Anton Raaff
Idamante (Idamantes), sonen til Idomeneo sopran kastrat, seinare omskriven til tenor Vincenzo dal Prato
Elettra (Electra), prinsessa av Argos sopran Elisabeth Wendling
Arbace (Arbaces), Idomeneo sin fortrulege tenor Domenico de' Panzacchi
Høgstepresten av Neptun tenor Giovanni Valesi
Stemma til orakelet til Neptun bass
To kretiske kvinner sopran og mezzo-sopran
To trojanarar tenor og bass

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Treblåseinstrument
Messingblåseinstrument

Perkusjon

Strykarar
Continuo i resitativ

Ariar[endre | endre wikiteksten]

Akt 1

  • "Padre, germani, addio", Ilia
  • "Non ho colpa", Idamantes
  • "Tutte nel cor vi sento", Electra
  • "Vedrommi intorno", Idomeneo
  • "Il padre adorato", Idamantes

Akt 2

  • "Se il tuo duol", Arbaces
  • "Se il padre perdei", Ilia
  • "Fuor del mar", Idomeneo
  • "Idol mio", Electra

Akt 3

  • "Zeffiretti lusinghieri", Ilia
  • "Se colá ne' fati è scritto", Arbaces
  • "No, la morte", Idamantes
  • "D'Oreste, d'Ajace", Electra
  • "Torna la pace", Idomeneo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:IPA-it
  2. David Cairns, Mozart and his Operas, 2006, s. 36. University of California Press. ISBN 978-0520228986
  3. Cairns, p. 45

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]