Idre

Koordinatar: 61°51′30.589″N 12°42′58.792″E / 61.85849694°N 12.71633111°E / 61.85849694; 12.71633111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°51′30.589″N 12°42′58.792″E / 61.85849694°N 12.71633111°E / 61.85849694; 12.71633111Idre (sørsamisk Eajra), er ein svensk tettstad i Idre församling, Älvdalens kommun ved Idresjön i Dalarnas län i landskapet Dalarna. I 2005 hadde tettstaden 769 innbyggjarar. Idre ligg 30 kilometer nordvest for Särna. I Idre renn Storån og Sörälven saman og danner Österdalälven der Idresjön utgjer den første strekninga.

Idre er eit kjent vintersportsstad med store anlegg i fjella rundt tettstaden. Staden er den fjerde største vintersportstaden i Sverige etter Vemdalen, Sälen og Åre. Idre har òg ein vel utvikla sommarsesong med golf, fjellvandring og sportsfiske som dei største aktivitetane.

Den største vegen til og frå Idre er riksväg 70.

I fjellområda rundt Idre driv ein med reindrift av Idre sameby, som er den sørlegaste samebyen i Sverige.

Bygdene Idre og Sarna var ein del av Noreg inntil dei vart avstått til Sverige ved freden i Brömsebro 1645.

Österdalälven nær Idre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]