Idrettslaget Hjelset-Fram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hjelset-Fram er eit idrettslag som høyrer heime på Hjelset i Molde kommune. Det vart skipa 10. februar 1907. Laget har aktive innan fleire idrettar. Særleg har utøvarar innan hoppsporten utmerkt seg. Kring 1970 var den såkalla Hjelset-trioen med Ingolf Mork, Jan Olaf Roaldset og Hans Jørgen Næss på topp både nasjonalt og internasjonalt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]