If I Fell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«If I Fell»
Singel av The Beatles
frå albumet A Hard Day’s Night
B-side «Tell Me Why»"
Utgjeve desember 1964
Innspelt Abbey Road Studios
27. februar 1964
Sjanger Rock and roll, Merseybeat
Lengd 02:22
Selskap Odeon Records
Låtskrivar(ar) John Lennon/Paul McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«I Should Have Known Better»
(1964)
«If I Fell» «I Feel Fine»
(1964)

«If I Fell» er ein song av The Beatles som først kom ut på albumet deira A Hard Day’s Night frå 1964 og det amerikanske samlealbumet Something New. Han er hovudsakleg skriven av John Lennon med hjelp frå Paul McCartney,[1] og er kjend for ein uvanleg songstruktur. Innleiinga vert ikkje gjenteke seinare i songen, og dei forskjellige versa har ulik lengd. Det er ingen refreng eller mellomparti mellom versa. SOngen er ein del av ein todelt harmoni sunge av Lennon og McCartney i lag gjennom ein enkelt mikrofon.

Lennon spelte akustisk gitar og song, medan McCartney spelte bass og song, George Harrison spelte enkelte tonar på elektrisk gitar, medan Ringo Starr spelte trommer.

Songen vart visstnok Kurt Cobain sin favoritt Beatles-song og han vart spelt av Nirvana kvar gong det var tekniske problem på konsertane deira.[2]

Songen vart gjeve ut i Storbritannia 4. desember 1963 med «Tell Me Why» som B-side. Songen vart òg gjeve ut som ein eigen singel i Noreg, og her gjekk han heilt til topps på VG-lista mot slutten av året og låg to veker på førsteplassen og til saman 11 veker på Topp 10.[3] I USA vart songen gjeve ut som B-side til singelen «And I Love Her»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 162-163 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  2. Robert Fontenont. If I Fell -- History og Information. Vitja 5. oktober 2008.
  3. VG Nett - VG-lista - TOPP 20 SINGLE UKE 49, 1964.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]