If Leaving Me Is Easy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
If Leaving Me Is Easy
Singel av Phil Collins
frå albumet Face Value
B-side «In the Air Tonight», «I Miss You, Babe» (demo)
Utgjeve mai 1981
Innspelt 1980
Sjanger Rock
Lengd 4:56
Selskap Virgin (UK)

Atlantic (International)

Produsent Phil Collins
Phil Collins-kronologi
«I Missed Again»
(1981)
If Leaving Me Is Easy «Thru These Walls»
(1982)

«If Leaving Me Is Easy» er ein song av Phil Collins frå albumet Face Value i 1981. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet og nådde 17. plassen i Storbritannia. Han vart ikkje gjeven ut som singel i USA. Collins syng i ein høg falsett i refrenget.

Eric Clapton si rolle[endre | endre wikiteksten]

Dette var den første av to singlar med Eric Clapton. Den andre singelen var «I Wish It Would Rain Down» frå det siste albumet til Collins i 1980-åra, ...But Seriously. Clapton spelte òg dobro for «The Roof is Leaking» som ikkje vart nytta i den endelege utgåva.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Collins avslørte under «Making of Face Value»-episoden i Classic Albums at han ikkje ønskte å spele songen på konsertar lenger etter 1985, fordi han mislikte at publikum ropte og skreik i staden for å vere stille under denne songen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Tyskland 61
UK Singles Chart 17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]