Igatagerygone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Igatagerygone
Igatagerygone Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Igatagerygone
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Igatagerygone
Utbreiinga av Igatagerygone
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Infraorden: Meliphagida
Familie: Tornsmettfamilien Acanthizidae
Slekt: Gerygonar Gerygone
Art: Igatagerygone G. igata
Vitskapleg namn
Gerygone igata

Igatagerygone (Gerygone igata), på New Zealand òg kjent under maori-namnet Riroriro, er ein insektetande sporvefugl i tornsmettfamilien, Acanthizidae. Arten er endemisk for New Zealand og har naturlege habitat i tempererte skogar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Med kroppsvekt på ca. 6,5 ​​gram og lengd på 10 centimeter[1] er denne arten mindre enn gråbrystbrillefugl som finst i same habitat. Han er gråbrun på oversida, som kan variere til olivengrøn, og han har eit bleikgrått andlet, hals og bryst, og har ein bleikkvit buk med skjer av gult. Halen er kvit på undersida og mørk brun på oversida med kvit tupp som er synleg i flukt, han har òg særeigne rubinraude auge. Hoa har tilsvarande fjørdrakt, men er mindre i storleik. Ungfuglar er bleikare, har meir gult i ansikt, bryst og underside, og har brune auge. Songen til hannen startar ofte med ein serie på tre skringrande skrik og byggjer inn ein sær lang, klagande, vaklande trille som stig og fell. Han syng heile året, men mest kraftfullt om våren i hekketida. Denne arten er oftare høyrt enn sett.

Han er vanleg over heile New Zealand, på begge hovudøyane og på mange mindre øyar, men er fråverande frå ope landskap og alpine område. Inne i skogar kan dei treffast nesten kvar som helst der det er tre eller buskar å dekkje seg under.

Igatagerygonear beitar hovudsakleg på edderkoppar, insekt og larvene deira, og kan supplere med små frukter. Dei er svært aktive under beiting, og vil nesten alltid røre seg frå ei grein til den neste. Dei kan plukke byttet frå bladverk og kan òg stille i lufta medan dei plukkar frå tuppen av kvistar.[1]

Igatagerygonear er unike blant fuglane på New Zealand i å byggje ein pæreforma reirstruktur med ein sideinngang nær toppen. Jamvel om hannen samlar materiala, blir reiret konstruert av hofuglen frå gras, blad, røter og mose, voven saman med spindelvevtrådar gjennom byggjeperioden på opptil 27 dagar. Reiret kan plasserast alt frå 1 til 10 meter over bakken,[1] og er fôra med fjører og anna mjukt materiale. Det er festa til toppen av ein kvist slik at om lag halve reirhøgda heng fritt, øvre halvleiken er ofte sikra godt på baksida eller på sidene. Sjølv om hannen ikkje er involvert i reirbygginga eller i ruging, hjelper han ved å mate fugleungane. Dei legg 2 til 5 egg, typisk 4, kvart egg blir lagt med to dagars mellomrom, og ruginga startar først når siste egget er lagt. Egga er rosakvite med fine raudbrune flekker mest konsentrert mot den tjukke enden. Egga, som veg 1,5 gram, er om lag 17 millimeter lange. Ruginga tar ca. 19 dagar og ungane held seg ytterlegare 15 til 19 dagar i reiret.

Hekkesesongen er frå august til januar, og vanlegvis klarar dei to kull, men ein bronsegauk vil ofte parasittere det andre kullet ved å byte ut eit gerygoneegg med sitt eiget.[1] Den mykje større gaukungen vil kaste ut alle andre ungar eller egg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Igatagerygone