Iglo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein nesten ferdig, halvstor iglo med utgraving under døra og det ytre uferdig.

Ein iglo eller igloo (inuittisk for bustad)[1] er ein bustad bygd av snøblokker som vert lagde i spiral og skrånar innover slik at det ferdige huset har form som ei komplett halvkule eller kuppel, konstruert som ein såkalla ekte boge eller kvelving. Alle snøblokkene vert kutta innanfor sirkelen avteikna på førehand, skoren til med ein snøkniv av bein og plassert innanfrå. Den siste blokka skal plasserast på toppen og vert sett på plass frå utsida.[2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Igloen vert til dømes nytta av netsilik-inuitane i heile vintersesongen medan pusteholsfangsten på sel pågår. Dette huset er stort og særs forseggjort, med lagerrom og gang eller vindtunnel. Opphaldsrommet kan vere over tre meter høgt og fem meter i diameter. Langt mindre og enklare igloar vert nytta under jaktekspedisjonar og på reiser. Desse treng ikkje vere meir enn 1,5 meter høge og litt over to meter i diameter.

Temperaturen inne i ein iglo kan varierer frå 0 til 16 varmegrader, sjølv om det er særs kaldt på utsida. Dette kjem av den isolerande eigenskapen til stilleståande luft.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gadacz, R. «Igloo». Henta 22. desember 2022. 
  2. Remmereit, J. «Kurs i hvordan bygge iglo». Turistforeningen. Henta 22. desember 2022. 

«iglo» (28. februar 2013) i Store norske leksikon, snl.no.