Ignaz Pleyel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ignace Joseph Pleyel)
Ignaz Pleyel

Fødd18. juni 1757
FødestadRuppersthal i Austerrike
Død14. november 1831 (74 år)
DødsstadParis i Frankrike
AliasIgnace Joseph Pleyel
OpphavAusterrike, Frankrike
PeriodeKlassisk
Aktiv1778-1809
SjangerKammermusikk, concerto, symfoni
Instrumentpiano
Verka somKomponist
BornCamille Pleyel

Ignace Joseph Pleyel (18. juni 175714. november 1831) var ein austerrikskfødd fransk komponist og pianobyggjar i den klassiske perioden.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i Ruppersthal i Niederösterreich, som son av skulemeisteren Martin Pleyel. Han var det 24. av 38 born i familien.[1] Medan han framleis var ung studerte han truleg med Johann Baptist Vanhal, og frå 1772 gjekk han i lære hos Joseph Haydn i Eisenstadt. Som med Beethoven, fødd 13 år seinare, fekk Pleyel betalt av aristokratiet til å studere, i dette tilfellet grev Ladislaus Erdődy (1746–1786). Pleyel utvikla eit nært venskap med Haydn, som rekna han som ein glimrande student.

Av verka Pleyel skreiv i denne perioden var marionettoperaen Die Fee Urgele, (1776) framført i marionetteateret i slottet Eszterháza og i Wien. Pleyel skreiv visstnok òg delar av overturen til Haydn-operaen Das abgebrannte Haus, frå kring same tid.

Den første profesjonelle stillinga til Pleyel kan ha vore som kapellmeister for grev Erdődy, men dette er ikkje heilt sikkert. Av dei tidlege publikasjonane hans finn ein seks strykekvartettar, hans Opus 1.

Tidleg i 1780-åra vitja Pleyel Italia, der han komponerte ein opera (Ifigenia in Aulide) og verk bestilt av kongen av Napoli.

Strasbourg 1783–1795[endre | endre wikiteksten]

Pleyel flytta til Strasbourg i Frankrike i 1783 der han tok ei stilling som organist i lag med Franz Xaver Richter, maître de chapelle ved Strasbourg domkyrkje.[2] Domkyrkja hadde eit fullt orkester og store budsjett til framsyningar.[3] Etter å ha slått seg ned i Frankrike, skifta Pleyel namn til det franske Ignace. Som assisterande maître de chapelle i Strasbourg domkyrkje, skreiv han fleire verk enn i nokon annan periode av karrieren sin (1783–1793).[4] Etter at Richter døydde i 1789 tok Pleyel over stillinga hans som maître de chapelle. I 1788 gifta Pleyel seg med Françoise-Gabrielle Lefebvre, dotter til ein teppevevar i Strasbourg. Paret fekk fire born. Den eldste sonen, Camille, og kona hans, Marie Pleyel, née Moke (1811–1875), var ein av dei mest dugande pianistane på hennar tid.

den franske revolusjonen braut ut i 1791 vart alle musikkframsyningar i kyrkja og offentlege konsertar avskaffa og Pleyel reiste til London i søk etter arbeid, der han leia «Professional Concerts» organisert av Wilhelm Cramer. I denne stillinga vart Pleyel ein rival til læraren sin, Haydn, som samstundes organiserte konsertar for Johann Peter Salomon. Sjølv om dei to komponistane var rivalar, var dei gode vener privat.

Som Haydn, tente Pleyel seg rik på tida i London og då han kom attende til Strasbourg, kjøpte han eit stort hus, Château d’Ittenwiller nær St. Pierre.

Under Terrorregimet i 1793 og 1794 var livet i Frankrike farleg for mange, inkludert Pleyel. Pleyel vart ført inn for komiteen for offentleg tryggleik heile sju gonger fordi han var utlending, nettopp hadde kjøpt eit château, og for banda sine til domkyrkja i Strasbourg.[5] Han vart dermed merka som royalist og kunne lett ha vorte fengsla eller avretta. Pleyel sikra framtida si med å skrive komposisjonar til ære for den nye republikken. Alle vart skrivne i Strasbourg under Terrorveldet.

Pleyel som forretningsmann[endre | endre wikiteksten]

Pleyel flytta til Paris i 1795. I 1797 sett han opp eit føretak som musikkforleggar ("Maison Pleyel"), og produserte mellom anna ei komplett utgåve over strykekvartettane til Haydn (1801). Føretaket varte i 39 år og publiserte kring 4000 verk, inkludert komposisjonar av Adolphe Adam, Luigi Boccherini, Ludwig van Beethoven, Muzio Clementi, Johann Baptist Cramer, Johann Ladislaus Dussek, Johann Nepomuk Hummel og Georges Onslow.

Pleyel vitja Wien som forretningsmann i 1805 og møtte den no eldre Haydn for siste gong og høyrte Beethoven spele.

I 1807 starta Pleyel å byggje piano med firmaet Pleyel et Cie. Mellom anna nytta Frédéric Chopin piano bygd av firmaet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2012.
  • Careful coverage of Pleyel's life and work mai be found in the New Grove Dictionary of Music and Musikars, available in print and on line as a fee site.
  • Honegger, Geneviève. (1987) "Pleyel À Strasbourg Durant La Terreur." Revue de Musicologie 73, no. 1 (1987): 113-119.
  • Keefe, Simon P. (2005) "Preface", in Ignaz Pleyel: Seks String Quartets, Opus 1. Ann Arbor, MI: Steglein publishing.
  • Mathorez, Jules. Les Allemands, les Hollandais, les Scandinaves. Histoire de la formation de la population française : les étrangers en France sous l'ancien régime, 2. Paris: Champion, 1921.
  • Sitzmann, Édouard. Dictionnaire de biographie des hommes célèbres de l'Alsace depuis les temps les plus reculés jusqu'à nos jours, 2. Rixheim: Sutter, 1909.
  • Tiersot, Julien. Histoire de la Marseillaise. Paris: Librairie Delagrave, 1915.
  • Tourneux, Maurice. Bibliographie de l'histoire de Paris pendant la révolution française 3. Monuments, moeurs et institutions. Paris: Impr. Nouvelle, 1900.
  1. Pleyel, Ignaz Joseph. Grove's Dictionary of Music and Musicians 3 (New York: Macmillan). 1910. s. 773. Henta 2. mars 2012.  og «Encyclopædia Britannica». 1911. Henta 2. mars 2012.  og «answers.com». Henta 2. mars 2012.  og «The Danish Haydn Project». Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 2. mars 2012. 
  2. Mathorez, Jules. Les Allemands, les Hollandais, les Scandinaves. Histoire de la formation de la population française : les étrangers en France sous l'ancien régime, 2. Paris: Champion, 1921.
  3. Tiersot, Julien. Histoire de la Marseillaise. Paris: Librairie Delagrave, 1915.
  4. Sitzmann, Édouard. Dictionnaire de biographie des hommes célèbres de l'Alsace depuis les temps les plus reculés jusqu'à nos jours, 2. Rixheim: Sutter, 1909.
  5. Honegger 1987

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]