Ignimbritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar frå Bishop tuff, ukomprimert med pimpstein til venstre, komprimert med fiamme til høgre.

Ignimbritt er ein bergart som er danna ved avsetning og konsolidering av oskesuspensjonar som oppstår ved eksplosive vulkanutbrot av sterkt gasshaldige magmaer. Bergarten inneheld striper, band og lenser av forskjellig materiale. Vanlege stoff i bergarten er fragment av pimpstein og glas. Bergarten er ofte sterkt samansveist i botn av dei enkelte straumane.

I Noreg kjenner ein til ignimbrittar frå permtida i Oslofeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«ignimbritt» i Store norske leksikon, snl.no.