Igor Tamm
| Igor Tamm | |
Igor Tamm |
|
| Fødd | 8. juli 1895 Vladivostok i Det russiske keisardømet |
|---|---|
| Død | 12. april 1971 (75 år) Moskva i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk i Sovjetunionen |
| Nasjonalitet | Sovjetisk |
| Alma mater | Statsuniversitetet i Moskva |
| Kjend for | Tsjerenkoveffekten Tamm–Dancoff-tilnærminga |
| Utmerkingar | Stalinprisen (1954) Nobelprisen i fysikk (1958) |
Igor Jevgenjevitsj Tamm (Игорь Евгеньевич Тамм) (8. juli 1895–12. april 1971) var ein sovjetisk fysikar, kjend for arbeid innan kvantefysikk, strålingsteori, plasmafysikk og kjernefysikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1958 saman med Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov og Ilja M. Frank for oppdaginga og tolkinga av Tsjerenkoveffekten.
1. mai 1923 byrja Tamm å undervise i fysikk ved det statlege pedagogiske universitetet i Moskva. Same år fullførte han det første vitskaplege verket sitt, Electrodynamics of the Anisotropic Medium in the Special Theory of Relativity.[1] I 1928 var han eit par måneder med Paul Ehrenfest ved Universitetet i Leiden. Frå 1934 var han òg leiar for den teoretiske avdelinga ved fysikkinstituttet til Vitskapsakademiet, Lebedev-instituttet.
Krateret Tamm på månen er kalla opp etter han.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Igor Tamm» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Evgeniĭ Lʹvovich Feinberg, Reminiscences about I. E. Tamm (1987)