Iivo Nei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iivo Nei (1966)

Iivo Nei (fødd 31. oktober 1931) er ein estisk sjakkmeister fødd i Tartu.

Iivo Nei var ein lovande junior, og i 1947 tok han tredjeplassen i den 6. Sovjetiske juniormeisterskapen i sjakk i Leningrad. Viktor Korchnoi vann turneringa. I 1948 delte han førsteplassen med Korchnoi i den 7. Sovjetiske juniormeisterskapen i Tallinn.

Iivo Nei har vunne den estiske meisterskapen i sjakk åtte gongar: 1951, 1952, 1956, 1960, 1961, 1962, 1971 og 1974.

I 1955 delte han 3-6.-plass i den baltiske meisterskapen i sjakk i Pärnu. Meisterskapen vart vunnen av Paul Keres. I 1960 kvalifiserte han seg til den 27. Sovjetmeisterskapen i sjakk i Leningrad, der han fekk ein delt 14-15.-plass. Korchnoi vann turneringa.

Han vann så den baltiske meisterskapen i 1961 i Palanga, i 1963 i Estland og i 1964 i Pärnu. I 1964 delte han førsteplassen med Keres i Beverwijk. I 1965 vart han nummer to etter Vladas Mikenas i den baltiske meisterskapen i Palanga.

Verdssjakkforbundet FIDE tildelte Iivo Nei tittelen Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 1964.

Iivo Nei var ein av Boris Spasskij sine sekundantar, saman med Efim Geller og Nikolai Krogius under Verdsmeisterskapen i sjakk 1972 i Reykjavik, tvekampen mot amerikanaren Bobby Fischer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]