Ik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ik
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 18 000 km²
Lengd 571 km
Vassføring for nær Nagajbakovo
 - middel 45,5 /s
Kjelde Bugulma-Belebej-åsane
Munning Kama
Kart
Ik
55°42′08″N 53°22′59″E / 55.702222222222°N 53.383055555556°E / 55.702222222222; 53.383055555556
Wikimedia Commons: Ik River

Ik (russisk Ик) er ei elv i Basjkortostan og Tatarstan i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Ik har ei lengd på 571 km og eit nedslagsfelt på 18 000 km². Ho renn hovudsakleg på grensa mellom Basjkortostan og Tatarstan og spring ut frå åsane Bugulminsko-Belebejevskoj.

Nær landsbyen Nagajbakovo har elva ei middelvassføring på 45,5 m³/s. Elva frys til i andre halvdel av november og vert isfri att i midten av april. Dei største sideelvane hennar er Dymka, Mellja og Menzelja frå venstre og Usen frå høgre. Elva er framkommeleg 100 km oppover frå munningen.

Byane Oktjabrskij og Menzelinsk ligg ved elva. Det ligg store oljefelt i nedslagsfeltet til elva og det føregår produksjon i områda Muslumovskogo Aznakaevskogo i Tatarstan.

I nærleiken av landsbyen Tumutuk er det bygd ei demning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]