Ike Turner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ike Turner
Iketurner1997.jpg
Ike Turner på Long Beach Blues Festival i 1997
Verkeleg namn Ike Wister Turner
Fødd 5. november 1931
Clarksdale Mississippi i USA
Død 12. desember 2007
San Marcos i California i USA
Sjanger R&B, funk, soul-blues, Memphis blues, rock and roll
Aktive år 1951-2007
Yrke musikar
Tilknytt artistar Tina Turner, The Kings of Rhythm
Nettstad [http://www.iketurner.com www.iketurner.com]

Ike Wister Turner (5. november 193112. desember 2007) var ein amerikansk musikar, bandleiar, talentspeidar og plateprodusent. Den første innspelinga hans, Rocket 88 av «Jackie Brenston and his Delta Cats», i 1951 vert av somme rekna som «den første rock and roll-songen» nokon gong. Han er deriomt mest kjend for samarbeidet med hans dåverande kone Tina Turner som eine halvdelen av duoen Ike & Tina Turner. Med ein karriere som har vart over 50 år har Turner vore innom sjangrar som blues, soul, rock og funk. I lag med den tidlegare kona si han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1991 og i 2001 i St. Louis Walk of Fame. Turner har vunne to grammy-prisar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Turner vart fødd i Clarksdale i Mississippi i 1931. Berre åtte år gammal fekk han hjelpe til med å spele plater på radiostasjonen WROX. Her bar Turner forsterkarar for bluesartisten Robert Nighthawk, som ofte spelte live på kanalen. Mest inntrykk gjorde derimot pianisten Pinetop Perkins, som òg spelte for kanalen. Perkins lærte Turner å spele boogie-woogie på pianoet, og han vart etter kvart tilhengjar av andre bluesartistar som Howlin' Wolf, Sonny Boy Williamson (Rice Miller), Charley Booker, Elmore James, Muddy Waters og Little Walter[1].

Ike Turner sin musikarkarrière starta seint i 1940-åra då han starta bandet The Kings of Rhythm. I 1951 spelte bandet inn det som enkelte hevdar er den første rock and roll-songen nokon gong med «Rocket 88». Plateselskapet Chess, som gav ut singelen, krediterte derimot songen til Jackie Brenston and His Delta Cats, eit band som ikkje eksisterte. Brenston var både saksofonist og vokalist på songen. «Rocket 88» vart spelt inn i Sun Studio i Memphis av Sam Phillips. Songen er òg ein av dei aller første innspelingane med forvrengd gitar, som kom til ved at ein av forsterkarane vart øydelagd då han fall i golvet før innspelinga.

Ike and the Kings of Rhythm slo seg ned i St. Louis i Missouri der dei vart lokalt kjende. I denne perioden jobba Turner som talentspeidar for sjølvstendige plateselskap, inkludert Sun Records, og hjelpte Howlin' Wolf, Sonny Boy Williamson, Elmore James og Otis Rush med å få platekontraktar. Han var òg ofte med desse bluesartistane som gitarist. Musikalsk vart Turner kjend for ein hardtslåande gitarstil.

Den musikalske karrieren til Turner endra seg drastisk etter han møtte tenåringsjenta Anna Mae Bullock frå Nutbush i Tennessee. Ho greip ein gong mikrofonen på ein klubb i St. Louis der Turner var til stades og song ein B. B. King-song. Turner vart så imponert at han let Bullock få verte med i bandet sitt som korist. Det endra seg raskt då Bullock song ein song som Turner opphavleg hadde skrive for ein mannleg vokalist. Han let ho gje ut songen på eit sjølvstendig plateselskap og fekk ho til å endre namn til Tina Turner, og bandet fekk namnet Ike & Tina Turner Revue. Dei gav ut songen «A Fool in Love» tidleg i 1960, og han vart ein nasjonal hit som nådde tredjeplass på R&B-lista og Topp 30 på poplista. Inspirert av Ray Charles danna Turner ein trio av sexy kordamer og dansarar som fekk namnet The Ikettes. Turner fekk etter kvart fleire hittar med «It's Gonna Work Out Fine», «River Deep - Mountain High», «I Want To Take You Higher», «Proud Mary» og «Nutbush City Limits» dei neste 13 åra.

I 1976 forlet Tina Ike etter å ha vorte utsett for vald over mange år. Ike Turner mista fotfestet i den nasjonale marknaden og strevde for å oppnå suksess som soloartist. Han gav ut to mislukka soloalbum og vart etter kvart arrestert for dop- og våpenanklager, som han vart dømd for i 1989. Han slepte ut av fengsel i 1993. Etter den tid lagde han to soloalbum i eige studio og skreiv boka Taking Back My Name.

I 2001 gav han ut albumet Here and Now som han vart nominert til Grammy for. I 2005 spelte han på Gorillaz sitt album, Demon Days, der han spelte piano på songen «Every Planet We Reach Is Dead». Han drog òg på turne med bandet for å spele på akkurat denne songen. I 2007 vann Ike Turner Grammy-pris for «beste tradisjonelle blues-album» med albumet Risin' With the Blues.

Turner døydde 12. desember 2007 i ein alder av 76 år i heimen sin i San Marcos i California av ein kokainoverdose.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Austin Chronicle: Ike Turner: Antone's, Midnight
  2. Medical examiner says Ike Turner died of cocaine overdose. (17. januar 2008). Vitja 12. september 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]