Ikonostas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ikonostasis frå Bodskapskyrkja i Kreml i Moskva.

Ikonostasis, ikonostas eller ikonostase (frå gr. ikon, 'bilete' og stasis, 'å stå, tilstand') er ein biletvegg i ei ortodoks kyrkje. Denne veggen er den mest særprega og kanskje viktigaste liturgiske delen av ei ortodoks kyrkje.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Veggen delar kyrkerommet i to. Bak ikonostasen er alterrommet (koret i vestleg tradisjon) der presten og diakonen gjer teneste ved alteret, og framføre ikonostasen er kyrkjeskipet der dei truande held seg. Denne inndelinga betyr også inndelinga mellom det himmelske og den jordiske verda (jf. ikonteologien), og røtene til den går tilbake til Tempelet i Jerusalem. Der skilte «forhenget» mellom det aller heilagste og det heilagste.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Del av ein ikonostase i ei russisk-ortodoks kyrkje i Deventer i Nederland.

Sjølve ikonostasen voks fram i mange etappar, men nådde si noverande form i den ortodokse kyrkja på 1300-talet. På Balkan var ikonostasen liten og tok ikkje særleg plass, medan den i den russisk-ortodokse kyrkja vart stor og raga høgt i kyrkjerommet.

Ikonostasen er vanlegvis utforma etter eit nøye mønster. Det er som regel minst tre rader. I nedste rad er det tre dører, i midten den såkalla kongedøra. Den har gjerne bilete (ikon) av evangelistane og tidvis av nattverden, og er døra som fører til alteret. Mellom dørene er det som regel lokale motiv som får plass. Sidedørene fører til diakonikon og prothesis.

I den mellomste rada finn ein normalt den viktigaste delen av ikonostasen. Rett over kongedøra er deesisen (gr. forbedaren) med bilete av Kristus Pantokrator (gresk for 'allherskar'). Ved sida av finn vi nærmast theotokos, 'gudberaren' Maria og Johannes Døyparen. Vidare utover på begge sider er det erkeenglar, apostlar og helgenar (med martyrar, undergjerarar og kyrkjelærarar).

I øvste rada er det avbilda sener knytte til kyrkja (festdagane), den gamle pakta (Adam til Moses, profetane) og krossfestinga. Øvst tronar Den heilage treeininga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ikonostas

Kjelder[endre | endre wikiteksten]