Il Sodoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett. Utklipp frå ein freske i Monte Olivetto
Helgenen Sebastian, 1525

Il Sodoma, eigentleg Giovanni Antonio Bazzi, (147715. februar 1549) var ein italiensk målar, ein av dei fremste som vert rekna til Siena-skulen. Han var elles ein banebrytar gjennom «bruken av fargespenning og den religiøse patos».[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bazzi/Il Sodoma var fødd i Vercelli i Piemonte. Kring 1498 var han truleg i Milano, ettersom han ved den tid tok sterke inntrykk av Leonardo da Vinci sin målarstil. Frå seinast 1503 budde han i Siena. Her laga han ei rad med framifrå freskomåleri i klosteret Monte Oliveto. I same perioden skapte han også Sankt Katarinas stigmatisering i San Domenico-kyrkja i Siena.

I 1508 vart Sodoma invitert til Roma for i Vatikanet å måle eit av paven sine privatrom, Stanza della Segnatura. Fire år seinare reiste Sodoma til Roma for andre gong, der han i Villa Farnesina måla hovudverket, den vidkjende fresken Aleksander og Roxanes bryllaup.

Han måla mange religiøse motiv, mellom dei viktigaste verka finn ein Oppstoda, Kristus vert teken fange og Helgenen Sebastian. Det siste er måla dobbelsidig på lerret, med helgenen Sebastian på framsida og Madonna med helgen på baksida. Opphavleg var verket i bruk som prosesjonsfane av Sankt Sebastian-brorskapen i Camollia nær Siena.

Måten Sodoma måla landskap på, og bruken av chiaroscuro, peika fram mot barokken og mot 1700-talet. Typisk for Sodomas verk er det forklåra blikket hos hovudpersonen, samt figurane som er i bleikt lys.

Han døydde i Siena i 1549. I fylgje Giorgio Vasari fekk han namnet Il Sodoma på grunnlag av sin livsførsel, sin homoseksualitet. Men han nytta sjølv tilnamnet som sin signatur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Il Sodoma

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Store norske leksikon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon.