Ilek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilek
Munning Uralelva
Land i nedslagsfelt Kasakhstan, Russland
Lengd 623 km
Middelvassføring 39,8 m³/s
Nedslagsfelt 41 300 km²

Ilek (russisk Илек) er ei av sideelvane til Uralelva og renn gjennom Orenburg oblast i Russland og Kasakhstan. Ho har ei lengd på 623 km og ei middelvassføring på nesten 40 kubikkmeter per sekund.

Dei to største byane som elva renn gjennom er Alga og Aqtöbe. Ilek er den mest forureina elva i Ural-kaspiske bekkenet. Dei store mengdene med bor og krom kjem avgangsdammane til tidlegare kjemiske fabrikkar via grunnvatnet. Kvaliteten til vatnet i Ilek varierer frå 4 (forureina vatn) til 6 (særs forureina vatn).[1] Ei av sideelvane til Ilek er Bolsaja Tsjobda. Elva er òg arkeologisk viktig fordi det er funne fleire kurgangraver ved breidda.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vassressursar i Kasakhstan i det nye årtusenet» - Water Resources Committee of RK, 2002
  2. http://www.iras.ucalgary.ca/~volk/sylvia/Kurgans.htm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]