Ilgazfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skog i Ilgazfjella.

Ilgazfjella (tyrkisk Ilgaz Dağları) er ei fjellkjede nordvest i Anatolia i Tyrkia.

I Svartehavsregionen er det tre fjellkjeder som går parallelt til Svartehavskysten. Ilgazfjella er den austlege delen av den andre fjellkjeda frå kystlinja, om lag 100 km frå kysten. Nordsida av fjella ligg i provinsen Kastamonu og sørsida ligg i provinsen Çankırı. Frå vest til aust er fjellkjeda 150 km lang og ho er 30 km brei. Fjelltoppen Hacettepe er 2587 meter over havet og det høgaste punktet i fjellkjeda. Riksvegen D-765, som går frå Svartehavskysten til Sentral-Anatolia, går 10 km vest for fjelltoppen. Vegen går over ein fjellovergang som er 1850 meter på det høgaste.[1]

Ilgazfjella nasjonalpark (tyrkisk Ilgaz Dağı Milli Parkı) ligg vest for hovudvegen og opna 2. juni 1976 og er lett tilgjengeleg frå vegen. Det totale arealet er 10,88 km². Det er fleire hotell i området for skigåarar. Det går ein 700 m lang skiheis til skiområdet. Avstanden frå Ankara er 200 km og han er det skiområdet som ligg nærast hovudstaden. Om sommaren kjem mange hit for å fiske i Baldırandalen som ligg i nasjonalparken.[2]

Ein kjend tyrkisk popsong, Ilgaz, skriven av Ahmet Samim Bilgen med tekst av Cemil Türkarman handlar om fjella.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]