Iljusjin Il-14

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Ilyushin Il-14
Il-14 som veteranfly 1999.

Ilyushin Il-14 Il-14 (NATO-kallenamn Crate) var eit russisk to-motors sivilt og militært transport- og passasjerfly som var eit av dei viktigaste flya for Aeroflot og for flyselskap i Astblokk-landa i etterkrigstida til ut i 1990-åra.

Utviklinga av Il-14[endre | endre wikiteksten]

Flyet flaug fyrste gong i 1950. Il-14 vart òg bygd i Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia, og i Kina med nemninga Y-6.

I likskap med andre fly av same storleik og for same føremål, bygd like etter andre verdskrig var flyet meint å verta ein erstattar og etterfølgjar til Douglas DC-3 og den russiske lisensbygde variant Lisunov Li-2.

Det var utstyrt med to 1900 Hk Shvetsov ASh-82T-7 stjernemotorar. Mengd bygde fly er usikkert, det er i alle fall over 1 000. Enkelte kjelder oppgjev over 1 122 inklusive dei som vart bygd på lisens i Aust-Tyskland og Tsjekkoslovakia.

Brukarar[endre | endre wikiteksten]

Sivile flyselskap[endre | endre wikiteksten]

Milltære brukarar[endre | endre wikiteksten]

Spesifikasjonar (Il-14M-varianten)[endre | endre wikiteksten]

Iljusjin Il-14

Dimensjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Lengd: 22,31 m
  • Vengespenn: 31,7 m
  • Høgd: 7,8 m
  • Max. startvekt: 18 500 kg
  • Tomvekt: 12 700 kg
  • Max passasjerar: 36
  • Besetning: 5

Ytingar[endre | endre wikiteksten]

  • Motorar: 2 × Shvetsov ASh 82T Dobbelt stjernemotor på 900 Hk
  • Maksfart: 430 km/t
  • Marsjfart: 345 km/t
  • Marsjhøgde: 6 500 m
  • Rekkjevidd: 2 250 km

Ulukker med Il-14[endre | endre wikiteksten]

Aviation Safety Network har i sin database registeret 75 ulukker med sivile Il-14 fram til 1992. Det er grunn til å anta at at talet er høgare. Det omfattar ikkje eventuelle flyulukker i Sovjets flyvåpen som sjeldan vart gjort kjend i vestlege media, og òg sivile flyulykker bak jernteppet vart ikkje alltid rapportert til den vestlege verda, med mindre den omfatta flyulukker der utanlandske passasjerar var omkomne.

25 personar, blant dei ti norske kvinner, omkom i Voronezj-ulukka 6. august 1955 ved byen Voronezj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]