Ilk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilk

Ein ilk eller ilke (medisinsk hallux valgus) er ein utvokster av bein og vev i leden mellom foten og stortåi. Ilkar kjem til av di stortåa sit skeivt, vanleg som fylgja av rangstilling i fot og legg. Dette kan vera medfødt, til dømes ved at tverrkvelvingen under framfoten er nedsigen, eller koma på grunn av bruk av tronge skor.

Ilkar kan gjera særs vondt, særleg når ein går med skor. Dette råkar helst eldre folk, mest koner på grunn av dårleg samsvar mellom føter og skokultur. Vanlegaste skorten ved skorne i høve til føtene er:

  • Høge skohælar
  • Spisse skotuppar
  • Stutte skor

Ilkar kan berre fjernast ved operasjon.