Ilkka Remes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilkka Remes
Pseudonym Ilkka Remes
Statsborgarskap Finland
Fødd 13. desember 1962 (61 år)
Luumäki
Yrke forfattar

Ilkka Remes, eigentleg namn Petri Pykälä, (fødd 13. desember 1962) er ein finsk forfattar som skriv spenningsromanar. Etter eige utsegn bruker forfattaren pseudonym fordi han ikkje berre vil profilere seg som spenningsforfattar, og fordi han også vil skrive andre ting i framtida.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Remes er magister i økonomi frå Turun kauppakorkeakoulu (Åbo handelshögskola), og han har også studert kommunikasjon i London. Remes har kone og to barn, og han bur i Brussel.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Remes starta produksjonen med to kontrafaktiske romanar. Den første, Pääkallokehrääjä (1997), skildrar eit Finland under kommunistisk styre («DDR-Finland»), der frigjeringskampen for alvor skyt fart under den sovjetiske liberaliseringa på slutten av 1980-talet. I Karjalan lunnaat er scenariet motsett, her går historia som vi kjenner henne fram til ca. 1990, og deretter følgjer vi utviklinga fram til Finland får det okkuperte Karelen attende.

Karakteristisk for Remes sine bøker er at vanlege menneske meir eller mindre tilfeldig kjem i brennpunktet for store verdshistoriske hendingar. Utgangspunktet er Finland. Ofte, men ikkje alltid, speler også Russland ei sentral rolle i bøkene. i Ruttokellot er det til dømes finske politikarar (mellom anna utanriksministaren) sine tvilsame kontaktar med DDR som dannar bakteppe for handlinga.

I januar 2001, etter å ha lese nettopp Ruttokellot, skreiv utanriksminister Erkki Tuomioja kritisk om Remes sine bøker, og meinte at dei var karakterisert ved at alt negativt kom frå Russland, og at dei representerte det som på finsk blir kalla «ryssäviha», dvs. hat mot russarar.[1] Sanninga er nok meir samansett, Remes finn både positive og negative trekk ved Russland. Det han derimot har klart på ein måte som få spenningsforfattarar er i stand til, er å ta opp tema som er viktige for alle finnar, og handsame dei litterært.

Remes har også skrive fem spenningsromanar for ungdom, der sonen til ein av personane som går att i fleire av vaksenbøkene er hovudperson.

Nokre av Remes sine bøker er omsett til tysk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Remes fekk Kalevi Jänttis litteraturpris (1997), Suomen dekkariseuras pris (1999) og Olvi-säätiön kirjallisuuspalkinto (1999).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker for vaksne[endre | endre wikiteksten]

  • Pääkallokehrääjä (1997)
  • Karjalan lunnaat (1998)
  • Pedon syleily (1999)
  • Ruttokellot (2000) - „Blutglocke“ (2007)
  • Uhrilento (2001)
  • Itäveri (2002)
  • Ikiyö (2003) - „Ewige Nacht“ (2005)
  • Hiroshiman portti (2004) - „Das Hiroshima-Tor“ (2006)
  • Nimessä ja veressä (2005) - „Höllensturz“ (2006)
  • 6/12 (2006) - „Die Geiseln“ (2007)
  • Pahan perimä (2007)

Bøker for ungdom[endre | endre wikiteksten]

  • Piraatit (2003)
  • Musta Kobra (2004)
  • Pimeän pyöveli (2005)
  • Kirottu koodi (2006)
  • Hermes (2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. [1].