Illativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

illativ er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til illativ er inn i. Illativ finst i finsk og i andre austersjøfinske språk, og i samiske språk. Eit døme frå finsk er Tyttö laittoi kirjan laatikkoon «Jenta la boka i skuffa» (laatikko «skuffe»). Illativ i samisk og finsk skil seg frå kvarandre ved at den finske illativen er eit indre lokalkasus som kontrasterer med det ytre lokalkasuset allativ, mens samiske språk ikkje har den skilnaden, slik at illativ her har eit større bruksområde.