Illustratør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein illustratør lagar illustrasjonar.

Illustratør er eit yrke der ein lagar illustrasjonar, det vil seie bilete med eit klart formål eller bodskap, til dømes til bøker, tekstar [1] og teikneseriar.[2] Når ein er illustatør, er det mest vanleg å jobbe frilans, men nokre illustratørar er òg tilsette i bokforlag, reklamebyrå eller medieverksemder. [2] [3] Ein illustratør bør ha talent og interesse innan teikning og jobbar med visuell kommunikasjon.[2] [3]

Arbeidsppgåver[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjonar kan brukast til m.a. design, reklame og plakatar.

Ein illustratør er ikkje like fri som ein biletkunstnar, men gjer oppdrag frå ein arbeidsgjevar.[2] Som illustratør kan ein arbeide med profilering av verksemder, bokillustrasjon/-design, emballasje, identitetsbygging, redaksjonell illustrasjon og design, plakatar, skriftdesign og kalligrafi, reklame, skilting, strategisk design, animasjon, teikneseriar, webdesign, multimedia, film & TV.[3]

Løna til ein illustratør kan variere etter om ein er fast tilsett eller jobbar frilans. Andre faktorar som speler inn er utdanning, erfaring, oppdraga og tilknytingsforhold.[3] Spesielt i byrjinga av karrieren er det opp til illustratøren sjølv å skaffe seg kontaktnettverk. [2]

Mange illustratørar er sjølvlærte og har opparbeidd seg kompetanse gjennom praktisk arbeid. [2]

Nokre norske illustratørar[endre | endre wikiteksten]

Den norske vekeblad- og bokillustratøren Gunnar Bratlie i atelieret på Røros 1982.


Andre kjende illustratørar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Illustratør