Åndsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Immaterialrett)

Åndsrett eller immaterialrett er det rettsområdet som omfattar rettar av ikkje-materiell art. Innanfor åndsretten fell rettar av særs ulik grad, alt frå opphavsrett og patent til føretaksnamn, varemerke og design. Desse rettane kan kome til uttrykk ved fysiske eksemplar, men det er ikkje desse åndsretten vernar. Det som vert verna er ideen, kunnskapen, forma eller liknande som ligg bak. Åndsretten er såleis eit fellesomgrep på ulike reglar som gjev vern mot at andre etterliknar nokon sine prestasjonar eller urettmessig utnyttar nokon sitt gode namn og rykte (goodwill). Dette vil først og fremst ha økonomisk verdi for rettshavaren, men òg ideelle interesser kan vere gjenstand for vern.

Rettar som fell inn under åndsretten vil vanlegvis ha grunnlag i lov. For å harmonisere nasjonal lovgjeving finst det dessutan fleire internasjonale konvensjonar innan åndsretten. Viktige døme på dette er Pariskonvensjonen frå 1883, som omhandlar patent, varemerke og industrielt design og Bernkonvensjonen frå 1886, som dreier seg om opphavsrett. Det finst òg fleire EU-direktiv som dreiar seg om åndsrett og desse er bindande òg for Noreg gjennom EØS-avtalen.

Vanlegvis vil det immaterielle vernet vere tidsavgrensa. Patenter er til dømes (i Noreg) gyldig i 20 år, medan vernetida for åndsverk er 70 år etter at opphavsmannen er død. Dei såkalla kjenneteiknsrettane (føretaksnamn og varemerke) er derimot ikkje underlagt tidsavgrensing. Ein rett kan vere verna under fleire immaterielle kategoriar, noko som kan vere av verdi der vernetida er ulik, eller vernet er av ulik art og/eller omfang. Det finst mellom anna døme på at patenterte oppfinningar er vorte verna under opphavsrett etter at patentet har gått ut. Òg design og varemerker kan i mange tilfelle òg vere verna av opphavsrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]