Innvandring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Immigrant)
Plakat frå USA i 1917 retta mot jiddiskspråklege innvandrar. Plakaten, som viser innseglinga mot New York med Fridomsgudinna under ein regnboge i amerikanske fargar, speler på håpet innvandrarane har om eit betre liv i det nye landet sitt, og oppfordrar dei no til å støtta det gjennom å ikkje sløsa med mat.

Innvandring viser til det å kryssa statsgrenser for å busetja seg i eit anna land enn det ein tidlegare har budd i. Omgrepet «innvandrar» kan dermed visa til menneske som har vandra inn i eit land og i nokre høve også til etterkomarar etter dei. Vandring mellom ulike samfunn har eksistert sidan før det blei oppretta statsgrenser, men ulike område har hatt ulike mengder og typar innvandring til forskjellige tider. Mottakarsamfunn har veksla mellom å oppmuntra til og avgrensa eller prøva å stoppa innvandring.

Europeiske innvandrere som kjem til Argentina.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Innvandring er ein del av det allmenne fenomenet migrasjon eller vandring. Innvandring er da det same som immigrasjon, mens det sett frå andre sida er utvandring, emigrasjon. Same mennesket (migrant) er da både innvandrar og utvandrar etter kva synsvinkel ein ser det frå. «Nettoinnvandring» er eit omgrep som viser til talet på innvandringar minus utvandringar i eit land.

Nettomigrasjon i landa i verda i 2008. Blåfargen viser til land som hadde nettoinnvandring, oransje til dei som hadde nettoutvandring.

Kven ein definerer som innvandrar kan variera. Ein skil ofte mellom innvandring og grensekryssing med kortare opphald som mål, til dømes ved turisme, utdanning, korte arbeidsopphald eller andre vitjingar, men enkeltpersonar kan gå mellom dei ulike kategoriane slik at eit fullstendig skilje kan vera vanskeleg.[1] Generasjonsmessig avgrensing kan også vera ulik. I sine norske innvandringsstatistikkar reknar har Statistisk Sentralbyrå veksla mellom å rekna utanlandskfødde og «personar busette i Noreg som anten har innvandra sjølv eller er fødde i Noreg med innvandrarforeldre» (også kalla førstegenerasjons- og andregenerasjonsinnvandrar) som innvandrarar.[2] U.S. Census Bureau skil berre mellom foreign born (utanlandskfødd) og native (innfødd).[3] I visse land kan ein rekna nokre grupper innbyggjarar som innvandrarar, og i nokre høve også statslause, sjølv om dei har budd der i generasjonar.[4]

Innvandrar kan også delast inn i grupper på ulike grunnlag. Rettsleg kan ein skilja mellom innvandrarar som tek seg inn eller buset seg i eit land ulovleg og innvandrarar som har lovleg opphald, til dømes ved at dei har permanent opphaldsløyve eller statsborgarskap i landet dei bur i. Ein kan skilja ut frå grunnlaget dei har for å ha vandra, og dela inn i flyktningar, asylsøkjarar, arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar. Ein kan også ut frå opphavsland eller -område, til dømes norsk-pakistanarar, Hispanics i USA, eller setja skilje mellom vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar.[5]

Tal[endre | endre wikiteksten]

Handlande blant skilt på malayalam og engelsk i Dubai. Dei sameinte arabiske emirata hadde høgast nettoinnvandring i verda i 2010.

Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM), med tal frå Dei sameinte nasjonane, reknar med at rundt 214 millionar menneske i 2008 budde i eit anna land enn dei var fødde i. Dei utgjorde rundt 3 % av alle innbyggjarane på jorda, og kunne dermed ha vore verdas femte folkerikaste land. Talet i 2000 var rundt 150 millionar.[6]

I 2010 reknar ein med at landa med høgast del nettoinnvandring (innvandring minus utvandring) i høve til folketalet var Dei sameinte arabiske emirata, med 21,71 %, Caymanøyane (16,09) og Kuwait (15,65). Av større land låg Australia på 11. plass med 6,13 % og Canada på 12. med 5,64 %. Noreg var nummer 40 med 1,70 % innvandrarar blant innbyggjarane.[7]

Sidan andre verdskrigen har Noreg hatt aukande innvandrartal. Innvandringsstoppen i 1975 gjorde at ein ikkje kunne slå seg ned i landet utan vidare, men moglegheit til visse typar arbeidsinnvandring, familiegjenforeining, avtalar med andre land i Norden og EU og internasjonale forpliktingar til å ta imot flyktningar og asylsøkjarar gjorde at landet likevel hadde mange innvandrarar. Statistisk Sentralbyrå sine tal for innvandrar i Noreg (der barn av utanlandsfødde er tekne med) var i 2010 over 552 000. Dei tre viktigaste opphavslanda var Polen, Sverige og Pakistan (eller Tyskland, om ein ikkje tek med barn av innvandrarar). 35 % av innvandrarane hadde norsk statsborgarskap.[2][8]

Innvandringsmønster[endre | endre wikiteksten]

Land i Amerika, som Puerto Rico, har sidan 1500 i stor grad blitt folkesett av innvandrarar langt vekkefrå.

Eit land kan trekka til seg innvandring av ulike grunnar. Det kan bli sett på som å ha betre livsvilkår enn andre land, vera økonomisk betre stilt, eller vera høveleg plassert geografisk. Ofte kan ein vandra frå eit land til eit anna ganske enkelt fordi dei ligg geografisk, gjerne også kulturelt nær kvarandre, som landa i Norden eller mellom Australia og New Zealand.[9] Innvandring kan også påverkast av etablerte mønster, til dømes ved at ein flytter etter vener eller familie, eller at ein følgjer ruter folk ein kjenner har teke.[10] Innvandringsmengder til eit område har også noko med tilhøve i avsendarland å gjera, som krig, nød eller undertrykking. Betre stilte naboland til vanskelegstilte område får dermed ofte store tal innvandrarar. Den samla verknaden av desse faktorane blir kalla push-pull, 'dytt-trekk'. Men ein kan også vandra motsett veg, til dømes for å arbeida med bistand, misjonering eller forretningar.

Kolonisering og transport gjorde det mogleg for japanarar å innvandra til Sør-Amerika. Seinare har nokre søramerikanarar av japansk opphav vandra «tilbake» til Japan.

I kolonisamanheng vandra gjerne folk frå kolonimakter til område dei herska over under kolonitida, før straumen snudde og folk frå koloniane vandra inn til «moderland» som Storbritannia, Frankrike og Nederland. Denne bakgrunnen har gjeve ei stor grad av «sør til nord»- (og «aust til vest»-) innvandring der innvandrar frå u-land søkjer seg mot rikare land som ofte ligg lengre nord, men det finst også «nord til sør»-innvandring der nordbuar buset seg i land med varmare klima, som Frankrike, Spania eller Thailand. Innvandringsstraumar kan også kryssa kvarandre, og høg innvandring kan ofte også medføra høg utvandring.[10]

Moglegheita til å reisa speler også inn på vandringa. Til dømes har utviklinga av langtgåande seglskip, større dampskip og seinare flytrafikk innverka på vandringsmønster gjennom historia. Etter byrjinga av oppdagingstida har land i «Den nye verda», Amerika, og andre område som opna seg for skipsfart fått mykje innvandring frå «den gamle» fordi ein ofte meinte det var lettare å slå seg opp der (jamfør «den amerikanske draumen»). Auka tilgang på flytransport har gjort det enklare å reisa langt, og har spela inn i vandringsauken frå siste halvdel av 1900-talet.

Følgjer av innvandring[endre | endre wikiteksten]

Kulturmøte[endre | endre wikiteksten]

Ukrainsk dans under Fiesta Nacional del Inmigrante i Argentina.

Vandring medfører møte mellom meir eller mindre ulike kulturar. Innvandrarar som kjem til eit nytt land vil ofte måtte tilpassa seg lokale reglar og skikkar, læra språket og kulturen i det nye landet. Dette blir kalla integrering. Om innvandrarane går heilt opp i det nye samfunnet slik at ein ikkje kan skilja mellom nye og gamle innbyggjarar, seier me at dei er blitt assimilerte. Slike innvandrarar kan gå heilt opp i dette samfunnet og berre minnast gjennom til dømes utanlandsklingande namn.[11] Andre kan prøva å unngå assimilasjon og/eller integrering ved å halda på mykje av sin gamle kultur og ha ein eigen identitet, som til dømes amish i USA, hansatyskarar i Bergen eller nordmenn busette i Spania.[12] Større innvandrargrupper og etterkomarane deira kan i nokre høve kan dei bli som eiga folkegruppe i det nye landet sitt, til dømes norske kvenar, indiske siddiar eller newzealandske pākehā.

Samfunnet som tek imot innvandring vil ofte også endrast av innvandrarane. Det kan ta til seg nye ord, matretter, kulturuttrykk eller andre skikkar. I Noreg fekk til dømes tyske innvandrarar stor innverknad på språket frå om lag 1200-talet, medan matretten kebab blei innført av innvandrarar frå Midtausten på andre halvdel av 1900-talet.[13] I USA innførte jødiske innvandrarar det populære bakverket bagel i løpet av 1900-talet, medan tyske innvandrar var med på å utforma filmsjangeren film noir på 1940-talet.[14] Innvandring har også vore særs viktig i historia til storbyar som London, New York, Paris og Singapore.

Syn på innvandring[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk avisteikning frå 1919. På denne tida var ein i USA svært oppteken av at innvandrarar frå Europa kunne vera uønskte anarkistar og terroristar.

Til tider kan det oppstå mistru mellom ei gruppe som nyleg er komen til eit land og tidlegare busette. Mistrua kan gå begge vegar, og kan til dømes bygga på at dei innfødde meiner nykomarane tek ressursar som rettmessig høyrer til dei, at dei truger kulturen på staden eller liknande. Innvandrande kan på si side føla seg forskjellsbehandla eller framandgjorte. Dette kan føra til større eller mindre uro i samfunnet, og kan ved nokre høve føra til politiske eller fysiske handlingar som demonstrasjonar eller opptøyar.[15]

Men medan oppfattingar som at ein stad tek imot for mange eller for krevjande innvandrarar kan gje konfliktar, finst det også mange som ser fordelar med innvandring. Innvandrarar kan tilføra eit samfunn arbeidskraft og ny kunnskap, frå tyske bergverksfolk i Noreg på 1600-talet til internasjonal flyt av utdanna fagfolk som akademikarar og helsepersonell frå 1900-talet av.[16] Innvandrarar kan oppleva ulike forbetringar i høve til staden dei kom frå, til dømes betre arbeidstilhøve, større tilgang på jordeigedom, eller betre livskvalitet på anna vis.[17] Medan ein del tidlegare innbyggjarar kan mislika nye kulturuttrykk, som problematiseringa av hidjabbruk i ulike land i Europa på 2000-talet viste, er det også mange som set pris på eit meir fleirkulturelt samfunn.[18] Innvandrarar kan sjå på den fleirkulturelle opplevinga som både frustrerande og verdifull.[19]

Graffiti som tek opp innvandring i Sverige.
Foto: Mathias Klang, 2008

Syn på innvandring kan vera ulike mellom samfunn og over tid, over tid og ut frå samanheng. Nokre land har brukt innvandring til nasjonsbygging, til dømes Australia og USA, og har dermed lenge stått for eit positivt syn på (nokre former for) innvandring. Andre land har tradisjonelt vore meir avvisande, som Japan og Korea. Dette kan endra seg gjennom tidene. Mot slutten av 1900-talet byrja både USA og Australia gjera det vanskelegare å vandra inn i landa for visse grupper, medan Japan og Sør-Korea mjuka opp sine reglar for innvandring og statsborgarskap.[20]

I ei norsk undersøking frå 2008 var nordmenn meir positive til innvandrar og innvandring generelt enn dei hadde vore i 2002. Ein fann samstundes ulike syn innan ulike grupper, til dømes etter alder.[21] I ei europeisk undersøking frå 2005 var fleirtalet av grekarar negativt innstilte til innvandrarar når det gjaldt kultur, økonomi og livskvalitet, medan fleirtalet av luxembourgarar og spanjolar meinte dei var gode for økonomien. Fleirtalet av svenskar meinte dei gjorde landet til eit betre land å bu i, medan fleirtalet av svenskar, finnar, luxemburgarar, polakkar og sveitsarar meinte dei gjorde kulturen i landet rikare.[22]

Styring av innvandring[endre | endre wikiteksten]

Reklame for britisk innvandring til Australia. Landet arbeidde aktivt for å auka «kvit» innvandring og hindra innvandring frå stillehavsøyane i store delar av 1900-talet.[23]

Medan eit land neppe kan påverka alle faktorane som fører til innvandring dit, har mange statar prøvd å oppmuntra til, forma eller stoppa innvandring. Oppmuntring til innvandring kan retta seg mot moglege innvandrarar i andre land, eller mot å få folk som har vandra inn i eit land til å bli verande. Kampanjar og tilbod om gode som gratis eller billig jord, reisestøtte eller tilrettelegging for innvandrarane, til dømes ved å hjelpa dei med å læra språk og finna arbeid, kan oppmuntra dei til å vandra inn eller slå seg ned for godt.[24] Ordningar som gjer det lovleg å vandra inn for nye grupper kan gje auke i talet på innvandring, som då utvidinga av EU i 2004 gav innbyggjarane i nye medlemsland moglegheit til å slå seg ned i heile EU/EØS-området. Straks etter auka vandringa av særleg litaurarar og polakkar til vestlegare medlemsland.[25]

Forsøk på å stoppa eller redusera innvandring kan gå ut på å bruka fysiske stengsel, som patruljering av grensene og grensegjerde, eller byråkratiske, som ved å gjera det vanskeleg eller umogleg å få visum for å koma inn eller slå seg ned i landet, innføra kvotar, testar, poengsystem eller andre kriterium som skal styra talet og typen av innvandrarar.[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Isaksen 2010
  2. 2,0 2,1 Innvandring og innvandrere Arkivert 2013-02-18 ved Wayback Machine. ved ssb.no, Pham 2008. Sjå og Hvorfor kalle meg innvandrer? av Hina Aslam.
  3. Immigration ved census.gov
  4. Til dømes tamilar av indisk opphav på Sri Lanka (bbc) og kurdarar og palestinarar i Syria. Nationality and Statelessness ved hrw.org.
  5. I norsk samanheng skil ein mellom innvandrarar frå Landgruppe 1 og Landgruppe 2. Sentrale begreper ved regjeringen.no
  6. Facts & Figures Arkivert 2011-10-10 ved Wayback Machine. ved Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).
  7. Country Comparison: Net Migration Rate Arkivert 2018-12-24 ved Wayback Machine. ved cia.gov
  8. Justis- og politidepartementet 2010
  9. Sist i 2000-åra auka til dømes innvandringa frå Island til Noreg, dels på grunn av den globale finanskrisa som råka Island hardt, dels på grunn av geografisk og kulturell naboskap. Islandsk innvandringsboom til Norge (30.06.2010) ved nrk.no. I 2009-10 auka innvandringsstraumen frå New Zealand til Australia, truleg fordi Australia hadde betre økonomi etter finanskrisa. More Kiwis heading to Oz (Jul 21, 2010) ved nzherald.co.nz
  10. 10,0 10,1 Stortingsmelding 9/2009-2010 2.1 Det internasjonale migrasjonsbildet, Høy innvandring og utvandring i 2009 ved ssb.no
  11. Spor i namn Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine. i Apollon (01.04.2002), Spor i ord Arkivert 2011-07-04 ved Wayback Machine. ved Norsk Folkemuseum
  12. Jon Olav Skålid, I Bergen, men ikke i Tønsberg Arkivert 2008-02-13 ved Wayback Machine. (05. oktober 2007, forskning.no), Hovedoppgave om nordmenn som sliter med integreringen ved antropologi.info
  13. «Tyrker har grill på Karl Johan». VG (15. november 1957); Lee Chul-ho, Norwegian Ramen King
  14. Bagel og Film noir på Engelsk Wikipedia.
  15. Til dømes Cronulla-opptøyane i Sydney i 2005, eller Evil May Day i London i 1517.
  16. Bergverk i Trøndelag Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine. ved kildenett.no
  17. Marte Ericsson Ryste, Å flytte ga frihet[daud lenkje] (forskning.no, 25. august 2008)
  18. Holdning til seks påstander om innvandrere, 2002-2006. Prosent ved ssb.no
  19. Om det å være flerkulturelll[daud lenkje]
  20. Harden 2009 (Japan)
  21. Mellemstrand 2008
  22. Andersen 2005
  23. 23,0 23,1 Australske Immigration Restriction Act 1901 Arkivert 2011-06-01 ved Wayback Machine. innførte språktestar for å avgrensa innvandring frå uønskte grupper. USA nytta kvotar fastsette i høve til nasjonalitetar som allereie var i landet frå 1921 (Immigration to the United States Arkivert 2011-02-18 ved Wayback Machine.).
  24. Harden 2009
  25. Justis- og politidepartementet 2010

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Innvandring