Imperativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Imperativ eller bydeform er eit grammatisk trekk i kategorien modus. Imperativ uttrykkjer befaling eller oppfordring. I mange språk er imperativ uttrykt ved verbstammen, jf. norsk kom!. Som personbøygd kategori har imperativ eit defekt paradigme, utan første person eintal (vi befalar ikkje oss sjølv noko). Første person fleirtal er derimot ikkje uvanleg, tydinga blir då la oss kome. Jf. finsk.

  • 2. person eintal: tule
  • 3. person eintal: tulkoon
  • 1. person fleirtal: tulkaamme
  • 2. person fleirtal: tulkaa
  • 3. person fleirtal: tulkoot

Imperativ i nynorsk språk[endre | endre wikiteksten]

I norsk lagar vi som hovudregel imperativ av verbet ved å sløyfe infinitivsendinga (-a eller -e).

  • å kaste - kast!
  • å hoppe - hopp!
  • å dømme - døm!

Når stammen endar på trykksterk vokal, fell imperativen saman med infinitiven:

  • å stå - stå!

På nynorsk kan vi, om vil vil, la imperativ av verb som endar på a i perfektum og preteritum vere lik infinitivsforma:

  • å kaste - kast! eller kaste!
  • å smuldre - smuldr! eller smuldre!
  • å sykle - sykl! eller sykle!

Dei som brukar a-infinitiv, skriv

  • å kasta - kast! eller kasta!''
  • å smuldra - smuldr! eller smuldra!
  • å sykla - sykl! eller sykla!

Når verb av kaste-kasta-typen har ein stamme som endar på ein j, endar også imperativen på j:

  • å herje - herj! eller herje!
  • å hesje - hesj! eller hesje!

Men når verb av dømme-dømde-typen har ein rotstamme som endar på en j, fell j-en bort i imperativ:

  • å hengje - heng!
  • å tenkje - tenk!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]