Importord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Lånord. (Sjå eventuelt diskusjon)

Importord er ord som anten i seg sjølv er henta frå eit anna språk eller inneheld språkstoff som stammar frå eit anna språk. Ei anna nemning på importord er lånord. I dag kjem dei fleste importord i norsk frå engelsk.

Direkte lån[endre | endre wikiteksten]

Importord kan kome som direkte lån, dvs. lån av heile språkelement, som oftast ord eller ordformer. Dei direkte låna vert sjeldan brukte i «rå» tilstand; der er gradar av tilpassing, avhengig av bruk, tradisjon.

Hybridlån[endre | endre wikiteksten]

Importord kan kome i form av hybridlån, dvs. som samansette eller avleidde ord der den eine delen er heimleg eller tilpassa heimleg språkstruktur, medan den andre delen inneheld framand språkstoff. Mest vanlege er hybridsamansetjingane, t.d. «shapingkurs» og «sprayboks».

Indirekte lån[endre | endre wikiteksten]

Importord kan kome som indirekte lån. Felles karakteristika her er bruk av heimlege språkelement etter utanlandsk førebilete. Vi skil mellom to undertypar:

  • Omsetjingslån er skapte gjennom omsetjing av ei utanlandsk ordform til ei heimleg ordform, morfem for morfem, jf. frogman > froskemann, e-mail > e-post.
  • Tydingslån er lån der ek¬sisterande ord eller uttrykk får ei tydingsutviding som skuldast påverknad frå eit korresponderande ord i eit anna språk, jf. at «virus» ikkje berre vert nytta om kroppslege sjukdomar, men òg i tydinga ‘datavirus’.

Pseudolån[endre | endre wikiteksten]

Importord kan kome som pseudolån. Då er det tale om ordformer som formelt sett er oppbygde av element frå eit anna språk, men ordforma i seg sjølv eksisterer då ikkje i långivarspråket. Det gjeld ord som «grillparty» i norsk og «Handy» i tysk.

Formell tilpassing[endre | endre wikiteksten]

Det skjer ved importord som oftast ei eller anna form for tilpassing til den lokale språkstrukturen, t.d. gjennom staving («punk» > «pønk»), bøying («dissing» > å «disse») eller uttale (endring i tonem og lydkvalitet i substantivet «tagging»).