Impresjonisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Impresjonisme er ei nemning som blir nytta om ein stil i fransk målarkunst frå slutten av 1800-talet. Nemninga kan óg vise til musikk frå rundt den same tida.

Impresjonistisk målarkunst[endre | endre wikiteksten]

Impression, soleil levant (Inntrykk, soloppgang) av Claude Monet

Impresjonismen skal ha ha fått namnet sitt frå eit måleri av Claude Monet med tittelen «Impression: Soleil levant» (1872). Det var ei nemning som opphavleg vart nytta som noko negativt av ein kritikar. Andre impresjonistiske målarar var Edgar Degas, Edouard Manet, Berthe Morisot, Camille Pissarro, Auguste Renoir, Alfred Sisley og Paul Cezanne.

Impresjonistisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Impresjonisme som omgrep vart også nytta til å omtale ein ny musikkstil som voks fram frå omkring 1890. Denne stilen kjenneteiknast av eit fokus på klang, atmosfære, utanommusikalske referansar til sanseinntrykk og stemningar, og ofte ein fasinasjon over det eksotiske og eventyrlege. Musikalske stiltrekk som uvande skalatypar, tette harmoniar og parallellførde akkordar vart hyppig nytta.

Claude Debussy blir rekna som den viktigaste impresjonistiske komponisten. Maurice Ravel blir oftast òg rekna som impresjonist. Det finst ikkje mange andre, og det kan nemnast at desse komponistane ikkje rekna seg sjølv som impresjonistar.

Den norske komponisten Alf Hurum var sterkt inspirert av Debussy, og reknast som ein som førte vidare ein impresjonistisk stil i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Impresjonisme
Spire Denne kunstartikkelen som har med musikk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.