Imprint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Imprint er ei nemning av engelsk opphav nytta i forlagsverksemd om slike bøker som eit forlag gjev ut på særskilde område, eller om bøker som er knytt til og utgjeve av særskilde forleggjarar innanfor forlaget. Desse bøkene kan framstå for publikum som om dei er utgjeve av eit eige forlag, sjølv om det eigenleg berre er tale om ei særskild avdeling innanfor eit større forlag.