Imrich Bugár

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imrich Bugár


Statsborgarskap Tsjekkoslovakia, Tsjekkia
Fødd 14. april 1955 (68 år)
Ohrady
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1980

Imrich Bugár (fødd 4. april 1955) er ein tidlegare friidrettsutøvar som representerte Tsjekkoslovakia. Han deltok i diskoskasting og tok OL-sølv under 1980, og vart europameister i 1982 og verdsmeister i 1983. Hans personlege rekord er på 71,26 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bugár fekk sitt internasjonale gjennombrot då han under europameisterskapen 1978 på heimebane i Praha vann bronsemedaljen med 64,66 m, bakom Wolfgang Schmidt frå Aust-Tyskland og finnen Markku Tuokko. To år seinare kleiv Bugár ein plass opp på sigerspallen etter diskosøvinga under dei olympiske sommarleikane i Moskva. Med 66,38 m tok han sølv etter overraskingsmannen Viktor Rasjtsjupkin (66,64 m) frå arrangørlandet og seks cm framom kubanaren Luis Delís (66,32 m).

Ved europameisterskapen 1982 vann Bugár sin fyrste store tittel. Han sigra med 66,64 meter, meir enn meteren framom sølvmedaljøren Igor Duginjets frå Sovjetunionen. Året etter vann han gullmedaljen under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett 1983. I Helsingfors sikra han seg sigeren med med 67,72 m, Delís nådde 67,36 m, medan Gejza Valent på bronseplass syrgde for enno ei medalje til Tsjekkoslovakia.

Den 25. mai 1985 gjorde Bugár sitt livs lengste kast, då diskosen i San José i California fyrst landa etter 71,26 m. Både i VM 1987 og i EM 1990 vart han nummer sju , medan han i mellomtida hadde enda på tolvteplassen under sommar-OL 1988 i Seoul.

I tida 1991-94 mislukkast han å kvalifisere seg til finale i fire strake meisterskap.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]