Imtan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imtan
امتان
by
Land  Syria
Guvernement As-Suwayda guvernement
Distrikt Salkhad-distriktet
Nahiyah Salkhad
Høgd 1 189 moh.
Koordinatar 32°25′N 36°49′E / 32.417°N 36.817°E / 32.417; 36.817
Folketal 2 495  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Imtan
32°25′00″N 36°49′00″E / 32.41666667°N 36.81666667°E / 32.41666667; 36.81666667
Wikimedia Commons: Imtan

Imtan (arabisk امتان) er ein landsby i As Suwaydā' guvernement, sør i Syria. Imtan ligg 37 km søraust for byen As Suwaydā', 1189 meter over havet i sørlege delen av Jabal el Druze. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Imtan eit folketal på 2 495 i 2004.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at landsbyen har vore busett sidan 6000 fvt., sjølv om det er få spor støttar dette.[treng kjelde] Imtan har mange arkeologiske funn frå mange periodar, inkludert ruinane av romerske bad.

I 1596 stod Imtan oppført i osmanske skattelister som al-Mubattan og var ein del av Bani Malik as-Sadir nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av sju hushaldningar og to ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[2]

Landsbyen spelte ei viktig rolle i det store syriske opprøret mot Frankrike i 1925.[treng kjelde]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen er hovudsakleg busett av drusarar. Innbyggjarane er velutdanna, og staden er heimstad til over 300 universitetselevar, blant dei 80 ingeniørar og 68 legar.[3]

Innbyggjarane driv mykje dugnadsarbeid på grunn av mangelen på offentlege tenester. Dei har i lag bygd ein skule, eit legesenter og eit daglegvarebutikk.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Imtan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2014.
  • Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and Sør Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. 
  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Al-Suwayda guvernement. (arabisk)
  2. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 211.
  3. 3,0 3,1 Fuad Al-Bunnei (April 20, 2005). «Mojtama' Madani Mossaghar (A Miniature Civil Society)». An-Nour newspaper, issue No.195 (arabisk). Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 6. juli 2014.