In Another Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«In Another Land»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet
Their Satanic Majesties Request
B-side «The Lantern»
Utgjeve 2. desember 1967
Innspelt 13. juli 1967
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:15
Selskap London 45.907
Låtskrivar(ar) Bill Wyman
Produsent Bill Wyman
The Rolling Stones-kronologi
«We Love You»
(1967)
«In Another Land» «She’s a Rainbow»
(1967)

«In Another Land» er ein song av The Rolling Stones frå albumet Their Satanic Majesties Request i 1967.

Han er skriven av bassist Bill Wyman og var den einaste songen til Rolling Stones med Wyman på solovokal, og ein av berre to songar som var skriven av han. Han vart gjeve ut som singel av Bill Wyman i desember 1967 med songen «The Lantern» som B-side. Songen nådde 87. plass på den amerikanske singellista.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn ein kveld då Wyman hadde møtt opp i studio, men funne ut at dei andre hadde avlyst innspelinga for denne dagen. Frustrert over å ha kasta bort tida, spurte lydteknikar Glyn Johns om han hadde noko han ville spele inn.[1]

Teksten omhandlar ein mann som vaknar frå ein draum, men finn ut at han er i ein annan draum.[1]

Johns viste songen til vokalist Mick Jagger og gitaristane Keith Richards og Brian Jones, som alle likte han og valde å ta han med på albumet.[1]

Musikarane på songen er Wyman på solovokal og bass, Small Faces-vokalist Steve Marriott på akustisk gitar og korvokal, Ronnie Lane frå Small Faces på korvokal, Nicky Hopkinscembalo og piano, Charlie Watts på trommer, Jones på Mellotron, med Jagger og Richards på korvokal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 In Another Land. timeisonourside.com.