In Every Dream Home a Heartache

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In Every Dream Home a Heartache
Song av Roxy Music
frå albumet For Your Pleasure
Utgjeve Mars 1973
Innspelt Februar 1973 i Command Studios, London
Sjanger
Lengd 5:29
Selskap EG Records
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry
Produsent Chris Thomas, John Anthony og Roxy Music

«In Every Dream Home a Heartache» er ein song skriven av Bryan Ferry frå Roxy Music-albumet For Your Pleasure frå 1973.

Tekstmessig er songen ein skummel monolog, delvis kritikk av tomheita velstanden fører med seg, delvis ein kjærleikssong til ei oppblåsbar dukke. Musikken som følgjer teksten er ein syklus på fire akkordar (D# F# F G#) ført an av eit 'kinoorgel' spelt på ein Farfisa. Etter konklusjonen i teksten «I blew up your body/but you blew my mind!», når songen eit klimaks med eit langt instrumentalt parti, med sologitar av Phil Manzanera.

Songen tonar heilt ut, før han tonar inn igjen med phase-effekt på musikken.

Songen er av dei mest ikoniske og populære i Roxy Music-katalogen, og har til dømes vorte spelt på Old Grey Whistle Test på BBC og på mange av konsertane deira. Ei konsertutgåve finst på konsertalbumet Viva! og Concerto. På opptaket på tyske Beat Club kan ein sjå Mackay spele orgelet med Ferry på rytmegitar. Eno erstattar phase-effektane frå studioutgåva med forseinkingseffektar.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt av Jared Louche frå Chemlab, Rozz Williams og Gitane Demone på albumet Dream Home Heartache. Jane Birkin spelte songen på Rendez-Voux i 2004.[3] Han er òg framført på konsert av Peter Murphy i 2009. Ein annan versjon er gjort av Fields of the Nephilim på albumet Revelations.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Buckley, David (2005). The Thrill of it All: The Story of Bryan Ferry & Roxy Music. A Cappella Books. s. 116. ISBN 978-1-55652-574-2. «The centrepiece of the album is, however, «In Every Dream Home A Heartache.» Producer Chris Thomas recalls the birth of what must be one of the greatest kunstrock songs ever recorded...» 
  2. HistoryCaps (2012). Combat Rock: A History of Punk (from It's [sic] Origins to the Present). BookCaps Study Guides. s. 15. ISBN 9781621073154. 
  3. Dave Thompson, Rendez-Vous album Review. - Allmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]