In My Room

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In My Room
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfer Girl
A-side

«Be True to Your School»

Språk engelsk
Utgjeve 14. oktober 1963
Innspelt 16. juli 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:11
Selskap Capitol
Komponist Brian Wilson, Gary Usher
Tekstforfattar Brian Wilson, Gary Usher
Låtskrivar(ar) Brian Wilson
Gary Usher
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«Surfer Girl»/«Little Deuce Coupe»
(1963)
In My Room «Little Saint Nick»
(1963)


«In My Room» er ein song skriven av Brian Wilson og Gary Usher for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen vart gjeven ut på albumet Surfer Girl 1963. Seinare same året kom han ut som B-side til singelen «Be True to Your School». Singelen nådde sjetteplass i USA. Ei utgåva av songen av Sagittarius, bandet til Usher, nådde 86. plass i 1969.

Låtskrivinga[endre | endre wikiteksten]

There's a world where I can go and tell my secrets to
In my room, in my room
In this world I lock out all my worries and my fears
In my room, in my room

Brian Wilson/Gary Usher

Gary Usher skreiv delar av teksten i lag med Brian Wilson, medan Wilson skreiv heile melodien.

Brian Wilson har forklart at det er ei soge bak songen. Då han og brørne Dennis og Carl budde i Hawthorne som born, søv dei alle i same rom. Ein kveld song han songen «Ivory Tower» til dei og dei likte det. Eit par veker seinare lærte han dei å synge harmonivokalar til songen. Dei song denne songen kveld etter kveld, og gav dei ro. Då dei spelte inn «In My Room» var det berre Dennis, Carl og Brian på førsteverset. I følgje Brian høyrdest dei akkurat ut som dei gjorde på soverommet sitt alle dei kveldane.

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

«In My Room» låg på Billboard Top 100 i 11 veker og nådde 23. plass i 1963.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 212. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene i 2010. David Crosby frå The Byrds og Crosby, Stills & Nash (and Young) har fortalt at han er stor tilhengjar av songen, og at då han høyrde songen første gongen så ville ha gje opp med musikk fordi han aldri kom til å klare å gjere det same. Han song nettopp denne songen på ei hyllest konsert til Brian Wilson i lag med Jimmy Webb og Carly Simon. John Cale valde ut songen på radioprogrammet Desert Island Discs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2006 ISBN 0-89820-172-1 og ISBN 978-0-89820-172-7