In Search of the Lost Chord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In Search of the Lost Chord
Studioalbum av The Moody Blues
Utgjeve 26. juli 1968
Innspelt januar - juni 1968
Decca Studios
West Hampstead i London
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 42:07
Selskap Deram Records
Produsent Tony Clarke
Kritikk

Allmusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

The Moody Blues-kronologi
Days of Future Passed
(1967)
In Search of the Lost Chord On the Threshold of a Dream
(1969)

In Search of the Lost Chord er det tredje albumet til The Moody Blues, gjeve ut på Deram Records i 1968.

Innhald og stil[endre | endre wikiteksten]

In Search of the Lost Chord er eit konseptalbum kring eit breitt tema om søken og oppdaging, inkludert oppdagingsreiser på jorda («Dr. Livingstone, I Presume»), musikk og filosofi gjennom tidene («House of Four Doors»), tapt kjærleik («The Actor»), andeleg utvikling («Voices in the Sky»), kunnskap i ei verd i endring («Ride My See-Saw»), høgare medvit («Legend of a Mind»), fantasi («The Best Way to Travel»), og romforsking («Departure»). Romutforsking var òg tema på albumet deira frå 1969, To Our Children's Children's Children, inspirert av og tilskriven Apollo 11-ekspedisjonen. Den mystiske «tapte akkorden» frå tittelen viser seg å vere mantraet «Om», den siste strofa i Graeme Edge-diktet «The Word»).

Etter å ha nytta London Festival OrchestraDays of Future Passed spelte the Moody Blues alle instrumenta sjølv på dette albumet. Indiske instrument som sitar (spelt av gitarist Justin Hayward) og tambura (spelt av tangentspelar Mike Pinder) vart nytta på fleire spor. Andre uvanlege instrument (for Moody Blues) vart òg nytta, som obo (spelt av fløytist Ray Thomas) og cello (spelt av bassist John Lodge, som stemde han som ein bassgitar).

Innspelinga av albumet kom i gang i januar 1968 med innspelinga av Thomas sin «Legend of a Mind». Tittelen på songen er ikkje med i teksten, som omhandlar LSD-tilhengjaren Timothy Leary.

In Search of the Lost Chord nådde 23. plass på albumlista i USA då det kom ut i juli 1968.[2] I Storbritannia nådde albumet 5. plass. Ingen av dei to singlane frå albumet, «Ride My See-Saw» og «Voices in the Sky», gjekk inn på Topp 40 på Billboard-lista i USA, men sistnemnde nådde 28. plass på singellista i Storbritannia.

I mars 2006 vart albumet gjeven ut på ny i SACD-format som ei dobbel luksusutgåve.

I 2008 vart albumet igjen gjeven ut på CD, denne gongen på ei plate med ni bonusspor.

I musikkmagasinet Q si spesialutgåve Pink Floyd & The Story of Prog Rock, vart albumet plassert på 37. plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Departure»   Graeme Edge 0:48
2. «Ride My See-Saw»   John Lodge 3:37
3. «Dr. Livingstone, I Presume»   Ray Thomas 2:58
4. «House of Four Doors»   Lodge 4:11
5. «Legend of a Mind»   Thomas 6:40
6. «House of Four Doors (Part 2)»   Lodge 1:43
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Voices in the Sky»   Justin Hayward 3:32
2. «The Best Way to Travel»   Mike Pinder 3:12
3. «Visions of Paradise»   Hayward/Thomas 4:15
4. «The Actor»   Hayward 4:39
5. «The Word»   Edge 1:36
6. «Om»   Pinder 6:27


2006-utgåva[endre | endre wikiteksten]

In Search of the Lost Chord vart gjeven ut på SACD i mars 2006 som ei dobbelplate.

Ekstraspor på denne utgåva er :

  1. "Departure" (Alternate Mix) (Edge) – 0:55
  2. "The Best Way to Travel" (Additional Vokal Mix) (Pinder) – 4:03
  3. "Legend of a Mind" (Alternate Mix) (Thomas) – 6:43
  4. "Visions of Paradise" (Instrumental Version) (Hayward, Thomas) – 4:30
  5. "What Am I Doing Here?" (Original Version) (Hayward) – 3:53
  6. "The Word" (Mellotron Mix) (Edge) – 1:01
  7. "Om" (Extended Version) (Pinder) – 6:07
  8. "A Simple Game" (Justin Hayward Vokal Mix) (Pinder) – 3:26
  9. "King and Queen" (1968 Studio Recording) (Hayward) – 3:53
  10. "Dr. Livingstone, I Presume" (Thomas) (BBC Top Gear Session 16 juli 1968) – 2:57
  11. "Voices in the Sky" (Hayward) (BBC Top Gear Session 16 juli 1968) – 3:52
  12. "Thinking is the Best Way to Travel" (Pinder) (BBC Top Gear Session 16 juli 1968) – 3:38
  13. "Ride My See-Saw" (Lodge) (BBC Top Gear Session 16 juli 1968) – 3:49
  14. "Tuesday Afternoon" (Hayward) (BBC Afternoon Pop Show 7/10/68) – 3:23
  15. "A Simple Game" (1968 single 'B' side) (Pinder) – 3:44

2008-utgåve[endre | endre wikiteksten]

Ekstraspor på 2008-utgåva er

  1. "A Simple Game" (Justin Hayward Vokal Mix) (Pinder) – 3:26
  2. "The Best Way to Travel" (Additional Vokal Mix) (Pinder) – 4:03
  3. "Visions of Paradise" (Instrumental Version) (Hayward, Thomas) – 4:30
  4. "What Am I Doing Here?" (Original Version) (Hayward) – 3:53
  5. "The Word" (Mellotron Mix) (Edge) – 1:01
  6. "Om" (Extended Version) (Pinder) – 6:07
  7. "Dr. Livingstone, I Presume" (Thomas) (BBC Top Gear Session 16 juli 1968) – 2:57
  8. "Thinking is the Best Way to Travel" (Pinder) (BBC Top Gear Session 16 juli 1968) – 3:38
  9. "A Simple Game" (1968 single 'B' side) (Pinder) – 3:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1968 Storbritannia 5
1968 Billboard 200 23

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1968 «Voices in the Sky» Storbritannia 27
1968 «Ride My See-Saw» Storbritannia 42
1968 «Ride My See-Saw» Billboard Hot 100 61

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Joel Whitburn, The Billboard Book of Top 40 Albums, s. 214 (revised & enlarged 3rd ed. 1995).
  3. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.