In Through the Out Door

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In Through the Out Door
Studioalbum av Led Zeppelin
Utgjeve 15. august 1979
Innspelt November–desember 1978,
Polar Studios i Stockholm i Sverige
Sjanger Hardrock
Lengd 42:25
Selskap Swan Song
Produsent Jimmy Page
Kritikk
Led Zeppelin-kronologi
Presence
(1976)
In Through the Out Door Coda
(1982)

In Through the Out Door er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det vart spelt inn i løpet av tre veker i november og desember 1978 i ABBA sitt Polar Studios i Stockholm, og gjeven ut på Swan Song Records den 15. august 1979. In Through the Out Door var det sjette og siste albumet deira som nådde toppen av albumlista i USA, og det siste som kom ut før trommeslagaren John Bonham døydde i 1980.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart namngjeven av gruppa for å skildre den tunge tida til Robert Plant etter at sonen Karac døydde i 1977, og skatteeksilen som bandet hadde frå Storbritannia. Dette gjorde at bandet ikkje kunne spele i heimlandet i to år, og dei prøvde derfor å komme inn att hos publikum gjennom «ytterdøra».[1]

I motsetnad til tidlegare Led Zeppelin-album har bassist og klaverspelar John Paul Jones og vokalist Robert Plant lang meir innverknad på In Through the Out Door, medan trommeslagar John Bonham og gitarist Jimmy Page medverka mindre. To songar frå albumet, «South Bound Saurez» og «All My Love», var dei einaste to originale Led Zeppelin-songane som Jimmy Page ikkje var med å skrive. Årsaka til dette var at Page og Bonham ikkje alltid møtte opp i studio, Bonhan på grunn av aukande alkoholproblem og Page kjempa med heroinmisbruk.[2] Som Jones sa, «det var to fråskild leirar den gongen, og meg og Plant var i den relativt reine leiren.»[3]

Mange av songane vart sett saman av Plant og Jones på dagtid, medan Page og Bonham la til sine delar på natta.[4]

Etter innspelinga i Polar Studios vart albumet miksa heime hos Page i Plumpton.[1] «Wearing and Tearing», «Ozone Baby» og «Darlene» vart alle spelte inn under innspelinga for dette albumet, men det var ikkje plass til dei. Dei kom seinare ut på Coda.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Det originale albumet vart gjeve ut med eit uvanleg påfunn. Det kom akka inn i noko som likna ein brun papirpose, og det indre omslaget bestod av eit svartkvittbilete som vart permanent farga om ein vaska det med vatn. Det var òg seks forskjellige omslag med forskjellige bilete. Papirposen utapå gjorde det umogeleg for kjøparen å sjå kva utgåve han fekk. Bileta synte alle same scene frå ein bar, men teken frå forskjellige synspunkt.

Albumet vart utforma av Hipgnosis og dei vart nominerte for ein Grammy Award i kategorien beste plateomslag.[5]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet var meint å kome ut før dei to konsertane til bandet på Knebworth-festivalen i 1979, men forseinkingar i produksjonen gjorde at det måtte utsetjast til like etter konsertane.

Trass i dårlege meldingar,[1][6] gjekk albumet til førsteplassen på lista i USA. Då det kom ut gjekk heile katalogen til Led Zeppelin inn på lista samstundes. Albumet vart liggande på førsteplassen i sju veker og hadde seld tre millionar eksemplar mot slutten av september 1979.[6] Det vart altså det Led Zeppelin-albumet som låg lengst på toppen (i lag med Led Zeppelin II). Så langt har albumet seld seks millionar eksemplar berre i USA.

Etter det kom ut har både Plant, Page og Bonham uttrykk motvilje mot albumet. I 1990 sa Plant:

In Through The Out Door var ikkje det beste albumet i verda, men me prøvde i det minste å variere frå det me gjorde, for integriteten vår si skuld. Av alle platene våre er det interesant, men noko sterilt, for me hadde ikkje vore i bråket og kaoset på lang tid. I 1977 då eg mista guten min, så ønskte eg ikkje og svinge meg på scenen - 'Hey hey mama say the way you move' var ikkje så viktig lenger. In Through The Out Door er meir pliktoppfyllande og mindre animalsk.[7]

Page sa noko liknande til Guitar World i 1998, Page sa at han og Bonham:

... begge følte at In Through the Out Door var litt soft. Eg likte ikkje særleg «All My Love». Eg var litt uroleg for refrenget. Eg såg for meg folk veiva armane sine og alt det. Og eg tenkte, det er ikkje oss. Det er ikkje oss. På rett stad er det ein fin song, men det var ikkje retninga eg ønskte å følgje i framtida.[8]

Fleire år seinare sa Page at «me ønskte, etter In Through the Out Door, å gjere noko hardtslåande og riffbasert igjen, men me kom sjølvsagt ikkje så langt at me fekk lagd det albumet.»[9]

In Through the Out Door var det siste Led Zeppelin-albumet medan bandet framleis eksiserte. Trommeslagar John Bonham døydde året etter den 25. september 1980.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Lovord År Rangering
American Music Award USA Favorite Pop/Rock Album[10] 1980 Nominert

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «In the Evening»   Jones, Page, Plant 6:49
2. «South Bound Saurez»   Jones, Plant 4:12
3. «Fool in the Rain»   Jones, Page, Plant 6:12
4. «Hot Dog»   Page, Plant 3:17
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Carouselambra»   Jones, Page, Plant 10:32
2. «All My Love»   Jones, Plant 5:51
3. «I'm Gonna Crawl»   Jones, Page, Plant 5:30

Albumlister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Topplassering
Den japanske albumlista[11] 2
Den svenske albumlista[12] 17
Den britiske albumlista[13] 1
US Cash Box Top 100 Albums 1
US Record World Album 1
US Billboard 200 1
Den norske albumlista[14] 14
Den austerrikske albumlista[15] 20
Kanadiske RPM albumlista[16] 1
New Zealand Top 50[17] 1
Australske Kent Music Report 3
Den tyske albumlista 28
Den spanske albumlista[18] 5
Den franske albumlista[19] 7

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (2003), Led Zeppelin: Celebration II: The 'Tight But Loose' Files, London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-056-4, s. 49, 63, 80.
  2. Aizelwood, John, "Closing Time", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 94.
  3. Gilmore, Mikal (10 August 2006). «The Long Shadow of Led Zeppelin». Rolling Stone (1006). 
  4. Snow, Mat, “The Secret Life of a Superstar”, Mojo, desember 2007.
  5. «Grammy Award for Best Album Package (Hipgnosis) - 27 February 1980». Grammy. http://www.super70s.com/Super70s/Music/1979/Grammys.asp. Henta 26. mars 2011. 
  6. 6,0 6,1 Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 89-90.
  7. Mat Snow, “Apocalypse Then”, Q, desember 1990, s. 82.
  8. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, januar 1998.
  9. Charles Shaar Murray, “The Guv’nors'”, Mojo, august 2004, s. 75.
  10. «Favorite Pop/Rock Album - 18 January 1980». rockonthenet. http://www.rockonthenet.com/archive/1980/amas.htm. Henta 26. mars 2011. 
  11. «Top 100 Albums - 25 August 1979». Oricon. http://www.oricon.co.jp/. Henta 26. mars 2011. 
  12. «Top 60 Albums - 7 September 1979». swedishcharts.com. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Led+Zeppelin&titel=In+Through+The+Outdoor&cat=a. Henta 26. mars 2011. 
  13. «Top 100 Albums - 8 September 1979». chartstats.com. Arkivert frå originalen den 2013-01-02. http://archive.is/GXLXB. Henta 26. mars 2011. 
  14. «Top 20 Albums - 16 September 1979». norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Led+Zeppelin&titel=In+Through+The+Outdoor&cat=a. Henta 26. mars 2011. 
  15. «Top 75 Albums - 15 October 1979». austriancharts.at. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Led+Zeppelin&titel=In+Through+The+Outdoor&cat=a. Henta 26. mars 2011. 
  16. «Top Albums/CDs - Volume 32, nr. 6, November 03 1979». RPM. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.6859a&volume=32&issue=6&issue_dt=November%2003%201979&type=1&interval=24&PHPSESSID=hrg50o22lgammqcogv27ve6d95. Henta 26. mars 2011. 
  17. Scapolo, Dean (2007). «Top 50 Albums - November 1979». The Complete New Zealand Music Charts (1st ed.). Wellington: Transpress. ISBN 1-877443-00-8. 
  18. «Top 100 Albums - 15 December 1979». PROMUSICAE. http://www.promusicae.es/english.html. Henta 26. mars 2011. 
  19. «Top 100 Albums - 1979». infodisc.fr. http://www.infodisc.fr/B-CD_1979.php. Henta 26. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]