In situ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

In situ er eit latinsk uttrykk som tyder på plass. Uttrykket vert nytta i mange forskjellige samanhengar.

Luftfart[endre | endre wikiteksten]

I luftfartsindustrien vert utstyr testa ombord i fly, «in situ», (på plassen) der det skal fungere for å få stadfesta at flyet med alle aktuelle system fungerer saman. Kvart enkelt apparat eller instrument kan fungere normalt når det er montert for seg. Det kan likevel oppstå elektrisk, mekanisk, magnetisk eller radiobølgje-fenomen som kan skape uventa problem med utstyret. Det finst òg spesielt utstyr som kan simulere forhold for «in situ»-testing.

Kvar enkelt del som vert montert i eit sertifisert fly må ha sin eigen dokumentasjon som stadfestar kvalitetsstandarden på den aktuelle delen.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

I kunstnarterminologi viser «in situ» til på måten kunstverket vart laga. Monet-måleriet «Høysåta» vart måla «in situ», det vil seie at han stod ute på jordet og måla det han såg føre seg.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

I arkeologi refererer in situ til ein lekam som ikkje er vorte flytta frå den opphavlege staden sin. At ein lekam er in situ er viktig for tolkinga av gjenstanden og dermed òg kulturen som skapte gjenstanden. Så snart funnstaden til lekamen er registrert kan lekamen flyttast til oppbevaring, analyse og utstilling. Ein lekam som ikkje er funnen in situ vert rekna som ute av kontekst og vil ikkje kunne gje eit nøyaktig bilete av den tilhøyrande kulturen. Derimot kan slike lekamar gje arkeologane informasjon om kvar ein kan finne andre in situ-lekamar.

In situ viser berre til at lekamen ikkje har vorte flytta på nyleg. Slik sett kan eit arkeologisk funn in situ òg vere ein lekam som har vorte plyndra eller kjøpt ein annan stad og frakta til funnstaden.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

I byggekunst og arkitektur tyder «in situ» at det er brukt lite handsama material på byggeplassen for ein bygning. Dette kjem i motsetnad til prefabrikerte hus eller delar av hus som er bygd på ein fabrikk og frakta til byggeplassen for montering.

Teknikkar for bygging «in situ» er ofte arbeidskrevjande og dei tar tid, men slike material er billegare og det er enklare å gjere lokale tilpassingar.

Bruk av prefabrikerte modular er oftast raskare og krev mindre arbeid og dermed mindre lønnsutgifter. Men modulane er dyrare, krev tyngre transport med lastebilar og eventuelt kranar og dei passar berre i eit førehandsbestemt mønster.

Astronomi[endre | endre wikiteksten]

Framtidig utforsking av verdsrommet kan kome til å vere avhengig av forsyningar «in situ». Det er gamle planar om å drive romfartøyet Orion med drivstoff som kunne gravast fram på månen. I samband med utforskinga av Mars er det vurdert drivstoffproduksjon «in situ» og bruk av den såkalla Sabatier-reaksjonen.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Innan biologi syner omgrepet in situ til ein situasjon der eit fenomen vert presist undersøkt i det miljøet det vanlegvis finst i (m.a.o. utan å flytte det til eit spesielt medium). Dette tyder ofte ein mellomting mellom in vivo og in vitro. Eit døme kan vere når ein undersøker ein cellepopulasjon innanfor eit intakt organ som er teke ut av kroppen, men som er kunstig perfundert. Dette vil ikkje vere in vivo sidan moderkroppen (forsøksdyret) er ofra før forsøket og det ville ikkje vere det same som å undersøke cellepopulasjonen isolert (eit vanleg scenarium ved in vitro-eksperiment).

Innan onkologi: for eit carcinom, tyder in situ at det finst vondarta celler i ein svulst, men at han ikkje har avgitt dottersvulstar eller vakse utover det område der den gjeldande cellepopulasjonen (som kreftsvulsten har oppstått frå) vanlegvis er. Dette kan oppstå ved mange forskjellige kreftsvulstar, som til dømes i hud, bryst, livmorhals eller lunge.

Innan genetikk vert omgrepet in situ nytta i samband med omtale av kromosom. Til dømes, fluorescent in situ hybridisering (FISH) kan utførast med kromosoma i cellene eller i ein karyotype, som ved spektral karyotyping. I kvart tilfelle er sekvensen undersøkt i kromosomet.

Ved konservering av germplasma tyder in situ-bevaring prosessen der ein vernar arvematerialet til ein utrydningstrua dyreart eller plante i det normale habitatet deira, i motsetnad til ex situ-bevaring.

Kjemi og prosesskjemi[endre | endre wikiteksten]

I kjemi tyder in situ «i reaksjonsblandinga». Det er mange ustabile molekyl som må framstillast in situ (til dømes i reaksjonsblandinga, men som ikkje kan isolerast) for bruk i ulike prosessar. Døme er Corey-Chaykovsky-reagens og adrenokrom.

I prosesskjemi refererer in situ ofte til industrianlegg der operasjonar eller prosedyrar vert utført på staden. Til dømes, deaktiverte katalysatorar i industrireaktorar kan regenererast på staden (in situ) utan å fjernast frå reaktoren.

Informasjonsteknologi[endre | endre wikiteksten]

Innan informasjonsteknologien nyttar ein «in situ»-prosessar som ein aktivitet som kan gå føre seg utan å avbryte normal drift av eit dataanlegg. Ei tryggingskopiering kan skje «in situ» medan brukarane av anlegget bruker det som normalt. Dette kan òg skildrast ved ei tilbakeplassering av tryggingskopi og ved oppgradering av programvare som brukarprogram, kommunikasjonsprogram eller operativsystem.

Geofysikk[endre | endre wikiteksten]

I fysisk geografi og geofysikk tyder in situ vanlegvis naturleg stoff eller prosessar før transport. Til dømes vert in situ nytta i forhold til skilnaden mellom forvitring og erosjon, der skilnaden er at erosjon krev eit forflyttingsmedium (som vind, is eller vatn), medan forvitring skjer in situ. Geokjemiske prosessar vert òg ofte skildra å skje med eit stoff in situ.

I atmosfærisk vitskap tyder in situ til målingar teken gjennom direkte kontakt med stoffet, som ein radiosonde som måler ein luftpakke eller eit anemometer som måler vind, i motsetnad til fjernmåling som radar og satellitt.

Miljøteknikk[endre | endre wikiteksten]

In situ kan syne til ei oppreinsking av ein forureina stad som vert gjort med å nytte og simulere naturlege prosessar i jordsmonnet, i motsetnad til ex situ der den forureina jorda vert graven ut og reinsa ein annan stad.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Innan litteratur vert omgrepet in situ nytta for å skildre ein tilstand.

Lingvistikk[endre | endre wikiteksten]

I lingvistikk, særskild i syntaks, er eit element sagt å vere in situ dersom det er uttalt i posisjonen der det er tolka.

Jus[endre | endre wikiteksten]

I juridisk samanheng vert in situ ofte nytta bokstaveleg. Til dømes i Hong Kong involverer in situ land exchange at regjeringa skifter den originale eller utgåtte utleiga av landområde med ein ny overdraging eller nyoverdraging med det same landområdet eller delar av det.

Petroleumsproduksjon[endre | endre wikiteksten]

In situ tyder «på staden» og syner til utvinningsteknikkar som nyttar varme eller løysemiddel til tungolje eller bitumenreservoar i undergrunnen. Det finst fleire in situ-teknikkar, men dei som fungerer best i oljesand nyttar varme.

Radioteknikk[endre | endre wikiteksten]

I radiosendersystem kan «in situ» syne til bruk av apparat eller komponentar når heile sendaren er i vanleg bruk i motsetnad til under testing. Til dømes eit «in situ»-wattmeter, som er riktig kalibrert, vil vise riktig effekt under sending, sjølv om wattmeteret kan påverkast av radiofelt og magnetfelt frå forskjellige delar av sendaranlegget.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]