In the Air Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In the Air Tonight
Singel av Phil Collins
frå albumet Face Value
B-side «The Roof Is Leaking»
Utgjeve 5. januar 1981 (UK), 25. mai 1981 (NA)
Innspelt 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 5:36, 4:57 (7")
Selskap Virgin (UK), Atlantic (internasjonalt)
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Phil Collins-kronologi
In the Air Tonight «I Missed Again»
(1981)

«In the Air Tonight» er ein song av Phil Collins som først kom ut på albumet Face Value i 1981. Han vart spelt inn i 1979 og var den første singelen Collins gav ut som soloartist og er framleis ein av dei mest kjende hittane hans. Musikkvideoen vart regissert av Stuart Orme og kom ut i 1981.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga er særleg kjend for den atmosfæriske produksjonen og det makabre temaet. Singelen kom ut i januar 1981 i Storbritannia og vart ein umiddelbar hitt og klatra raskt til andreplassen på singellista. Han vart òg ein internasjonal hit, og nådde Topp 20 på Billboard Hot 100 sommaren 1981, med ein 19. plass om høgaste plassering.

Collins skreiv songen om sinnet han følte etter å ha skild seg frå den første kona Andrea i 1979.

«In the Air Tonight» er framleis mykje spelt på radiostasjonar som spelar classic rock. Det er ein av songane som kanskje vert oftast assosisert med solokarrieren til Collins og har vorte spelt ved fleire høve, som på Live Aid, der han spelte songen på piano på same kalenderdag i både Philadelphia og London.[1] Han framførte òg songen ved The Secret Policeman's Balls, den første spelejobben til Collins som soloartist.

Teksten i songen har form som ein mørk monolog retta mot ein namnlaus person:

I was there and I saw what you did
Saw it with my own two eyes
So you can wipe off that grin
I know where you've been
It's all been a pack of lies

Musikalsk består songen av ei rekkje stemningsskapande akkordar spelt over ein enkel rytme frå ein trommemaskin (Disco-2 rytmen på ein Roland CR-78, samt noko programmering); handsama elektrisk gitar og vocoder-vokal på enkelte viktige ord. Stemninga gjev ei kjensle av tilbakehalden sinne som fram til det siste refrenget der ekte trommer eksploderer inn i lydbiletet og slepp laus den musikalske spenninga, og instrumenta byggjer seg opp mot mot eit tordnande siste refreng.

Collins skreiv songen etter at det første ekteskapet hans var over. Collins improviserte teksten under låtskrivinga i studio. I følgje Collins kom 99 % av teksten sponant.[2]

Songen vart særleg populær i 1980-åra då nesten heile songen vart nytta i pilotepisoden av den amerikanske serien Miami Vice og han vart ein av dei første pop/rock-songane som vart nytta i ein serie på denne måten. Det var denne spesifikke scenen som gjorde at publikum og kritikarar forstod at Miami Vice kunne tilby noko som få andre TV-program i 1984 kunne matche, i følge The A.V. Club i 2012.[3] Han vart då populær igjen og missa berre så vidt Billboard Hot 100. Collins vart assosiert med showet og fleire av songane hans vart nytta i serien. Collins spelte òg ei rolle i ein episode som «Phil the Shill».

Trommelyden[endre | endre wikiteksten]

« Musikalsk er det ei særleg påfallande innspeling, fordi det skjer nesten ingenting ... Det er særleg trommelyden som er fantastisk. Du høyrer han ikkje i det heile dei første to minutta av songen ... så kjem den flotte doo-dom doo-dom doo-dom inn, og trommene inn halvvegs i songen, og danna malen for alle trommesongar i 1980-åra etter det.  »

Stuart Maconie[4]

Korleis Collins hadde fått denne trommelyden på innspelinga var lenge eit mysterium. Den eksakte prosessen var, som så ofte skjer, heilt tilfeldig: utilsikta bruk av studioteknologi gav uventa gode resultat.

I dette tilfellet hadde miksebordet av typen Solid State Logic 4000 ein «reverse talk-back»-krins. Normal «talkback» er ein knapp som lydteknikaren må trykke for å snakke med dei som sit inne i sjølve studioet, sidan desse vanlegvis er lydisolerte. Reverse talkback er ein krins, der lydteknikaren kan lytte til musikarane i studio. For å kompensere for at folk i studioet kan sitte langt borte frå mikrofonen som fangar denne lyden, har han ein kompressor på seg, som minimerer skilnadane i lydnivået. Medan dei spelte inn «Intruder» for den tidlegare bandkollegaen Peter Gabriel sitt soloalbum, starta Collins ved eit høve å spele trommer trommer medan denne «reverse talkback»-knappen var aktivert. Teknikar Hugh Padgham og venen Jeffrey vart overraska over den gode lyden dei fekk. I løpet av natta kopla dei om pulten slik at dei kunne ta opp denne lyden.[5]

Då lydteknikaren Hugh Padgham vart henta inn for å hjelpe til med å utvikle demoane til Collins som vart til Face Value gjenskapte dei «Intruder»-lyden. Hugh Padgham heldt fram å arbeide med GenesisAbacab seinare i 1981 og nytta same teknikken der (generalt kalla gated reverb).

Den originale singelversjonen av «In the Air Tonight» har med ekstra trommer som speler i bakgrunnen av songen fram til det kjende trommepartiet startar. Desse vart lagt til etter forslag frå sjefen for Atlantic Records, Ahmet Ertegun.

Vandresoge[endre | endre wikiteksten]

Det har oppstått ei vandresoge kring «In the Air Tonight» om at teksten er basert på at Collins var vitne til ei drukningsulukke. Vandresoga er referert i songen «Stan» av Eminem med teksten:

You know this song by Phil Collins, «In the Air of the Night" [sic]
About that guy who coulda saved that other guy from drowning
But didn't, then Phil saw it all, then at a show he found him?

Bruk i reklamar[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte mykje nytta i fjernsynsreklamar, mellom anna for bryggeriet Anheuser-Busch og øletMichelob og Mountain Dew. Cadbury nytta songen i ein reklame for ein mjølkesjokolade der ein gorilla spelar den kjende trommesekvensen. Etter denne reklamen kom ut gjekk songen til 14. plass på singellista i Storbritannia og var den niande mest nedlasta songen i Storbritannia den veka. I New Zealand gjekk songen heilt til topps då reklamen byrja å gå.

Samplingar av songen[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte sampla av mange artistar, som Shaquille O'Neal i songen «Edge Of Night», Nas i songen «One Mic» og Tupac Shakur på «Starin' Through My Rearview» og «Letter to the President». Andre songar som inneheld samplingar frå «In the Air Tonight» er DMX sin «I Can Feel It», Krayzie Bone sin «Silent Warrior», Joe Budden sin «Rest in Peace (In the Air)», Sean Kingston sin «Can You Feel It», Young Buck sin «New York City», Big Audio Dynamite sin «Innocent Child» og Lil' Kim sin «In the Air Tonite».

Andre referansar[endre | endre wikiteksten]

«In the Air Tonight» har vorte mykje nytta i filmar, seriar og videospel, ofte for å vektlegge eller skape ein skummel eller illevarslande stemning.

Av filmar og seriar ein finn songen i er mellom anna Risky Business (1983), Bravo Two Zero, Big Trouble (2002), , The New Guy, Aqua Teen Hunger Force Colon Movie Film For Theaters, American Psycho, Paid in Full, The Hangover, Miami Vice, Days of Our Lives, Tru Calling, Fastlane, Family Guy, Carpoolers, Criminal Minds, Charmed, Ashes to Ashes, CSI: NY og Skins.

Songen finst òg i videospelet Grand Theft Auto: Vice City Stories på stasjonen «Emotion 98.3».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Australia 3
Austerrike 1
Canada 2
Nederland 1
Tyskland 1
Irland 2
New Zealand 6
Sverige 1
Sveits 1
UK Singles Chart 2
USA Billboard Hot 100 19
USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 2
Liste (1988) Plassering
Nederland 17
Tyskland 3
UK Singles Chart 4
Liste (2007) Plassering
UK Singles Chart 14
Liste (2008) Plassering
New Zealand 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Cuban Link, Mr. Methane, Gregorian, Lostprophets, Stahlhammer, Nonpoint, Naturally 7, Axel Rudi Pell, Northern Kings, godheadSilo, Takka Takka, Rocksolid, Exilia, Bertie Blackman, Undecided, DMX, Sean Kingston, Holly McNarland, Majandra Delfino, Three Days Grace, Gary Flanagan, Will Martin, FiL Straughan, Lil' Kim, Lights, Daughtry og Philip Phillips.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]