In the Court of the Crimson King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In the Court of the Crimson King
Studioalbum av King Crimson
Utgjeve 10. oktober 1969
Innspelt 21. juli – 21. august 1969,
Wessex Sound Studios i London
Sjanger progressiv rock
Lengd 43:53
Selskap Island
(UK)
Atlantic
(US)
Produsent King Crimson
Kritikk
King Crimson-kronologi
In the Court of the Crimson King In the Wake of Poseidon
(1970)

In the Court of the Crimson King er debutalbumet til den britiske progrockgruppa King Crimson. Albumet nådde femteplassen i Storbritannia og selde til gullplate i USA.[5]

Albumet vert generelt rekna som eit av dei sterkaste innan sjangeren progressiv rock, der King Crimson i stor grad tok bort det blues-baserte grunnlaget i rock og blanda det med element av jazz og klassisk symfonimusikk. I boka si Rocking the Classics frå 1997, skriv kritikar og musikkforskar Edward Macan at In the Court of the Crimson King «kan ha vore det mest innverknadsrike progressive rockealbumet som nokon gong er komen ut.»[6] Pete Townshend frå The Who kalla albumet «eit fabelaktig meisterverk».[7] I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock ligg albumet på fjerdeplass på lista «40 Cosmic Rock Albums».[8] Albumet vart av Classic Rock rekna med blant dei 50 albuma som bygde progrock.[9]

Albumet vart mastra på ny og gjeven ut på vinyl og CD fleire gonger i 1980- og 1990-åra. Alle desse versjonane er baserte på fleire generasjonar kopar av dei originale lydbanda. Ein trudde lenge at dei originale lydbanda var gått tapt, men dei vart omsider funnen i eit lager i 2003. Dette har ført til CD-versjonar med langt betre lyd sidan.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Barry Godber (1946–1970), ein dataprogrammerar, måla plateomslaget. Gober døydde i februar 1970 av hjarteattakk, kort tid etter albumet kom ut. Det vart det einaste måleriet han måla, i dag eigd av Robert Fripp.[10][11] Fripp hadde dette å sei om Godber:

« Peter tok med seg dette måleriet og bandet elska det. Eg tok nyleg originalen frå kontora til EG, fordi dei hadde det framme i altfor skarpt lys, slik at det kunne bli øydelagd. Andletet på utsida er 'Schizoid Man', og på insida er det 'Crimson King'. Om du dekkjer over det smilande andletet, syner augo ei vanvittig sorg. Kva kan du legge til? Det reflekterer musikken.[12]  »

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Dei første innspelingane for albumet vart gjort tidleg i 1969 med produsent Tony Clarke, mest kjend for arbeidet sitt med The Moody Blues. Etter at desse innspelingane ikkje fungerte, fekk bandet lov å gjere produksjonsjobben aleine. Albumet art spelt inn på ein 8-kanals lydbandopptakar i Wessex Sound Studios i London, med Robin Thompson som lydteknikar. Det tok mange timar med overdubbing for å bygge opp orkesterlyden med fleire lag av Mellotron og treblåseinstrument spelt av Ian McDonald.

Kort tid etter innspelinga var ferdig i 1969 vart det oppdaga at innspelingshovuda på stereoopptakaren ikkje var rett innstilt. Mange på høgre frekvensar og uønska forvrenging påverka derfor delar av albumet, mest tydeleg på «21st Century Schizoid Man». Dei originale masterlydbanda vart arkivert og gløymt i mange år. Det vart laga ein kopi av lydbanda for den første amerikanske utgjevinga av albumet der dei prøvde å rette på nokre av lydproblema.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Då albumet først kom varierte kritikarane frå dårleg til bra. Robert Christgau hata albumet og kalla det «kunstskit».[2] Rolling Stone var meir positiv og skreiv «dei har kombinert aspekt av mange musikkformer og skapt eit surrealistisk verk med kraft og orginalitet.»[4]

Albumet har sidan fått status som ein klassikar og Allmusic skriv om det: «som om det var noko profetisk, kasta King Crimson ut ei mørkare og skarpare form for post-psykedelisk rock».[1]

CD-utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på ny på LP og CD i 1980- og 1990-åra på Polydor og EG Records. Lydbanda som var nytta var tredjegenerasjonskopiar av den opphavlege kopien av lydbanda. Dette førte til at lyden ikkje var så skarp som den kunne vore og at ein fekk uønska susing med. Dei originale lydbanda vart oppdaga i 2003 og i 2004 kom ein HDCD-versjon ut på Fripp sin eigen Discipline Global Mobile. Denne utgåva hadde langt betre lydkvalitet. I 2009 kom ei 40-årsjubileumsutgåve, miksa i kringlyd.[13][14] There are three different versions: a two-CD set, a CD+DVD set and a six-disc (5CD/1DVD) box.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «21st Century Schizoid Man»   Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield 7:21
2. «I Talk to the Wind»   McDonald, Sinfield 6:05
3. «Epitaph»   Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield 8:47
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
4. «Moonchild»   Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield 12:13
5. «The Court of the Crimson King»   McDonald, Sinfield 9:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. «In the Court of the Crimson King». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r10905/review. Henta 12. juni 2012. 
  2. 2,0 2,1 Christgau, Robert (11 December 1969). «Consumer Guide (5): King Crimson: In the Court of the Crimson King». The Village Voice.  Relevant portion also posted at «King Crimson: In the Court of the Crimson King > Consumer Guide Album». Robert Christgau. http://www.robertchristgau.com/get_album.php?id=10882. Henta 12. juni 2012. 
  3. Mike Barnes (November 2009). «Royal Flush». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 106. ISSN 1351-0193. 
  4. 4,0 4,1 Morthland, John (December 27, 1969). «King Crimson In the Court of the Crimson King > Album Review». Rolling Stone (49). Arkivert frå originalen den 2007-10-22. 
  5. RIAA: Gold & Platinum
  6. Macan, Edward (1997). Rocking the Classics: English Progressiv rock and the Counterculture, Oxford University Press, ISBN 0-19-509888-9, s. 23.
  7. «King Crimson biography». Discipline Global Mobile (dgmlive.com). http://www.dgmlive.com/kc/index.htm?bio=true. Henta 12. juni 2012. 
  8. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  9. Classic Rock magazine, July 2010, Issue 146.
  10. Robert Fripp: Elephant Talk interview
  11. BatGuano.com
  12. Interview with Robert Fripp in Rock and Folk – ETWiki
  13. «Steven Wilson Headquarters». Swhq.co.uk. http://www.swhq.co.uk/index.cfm. Henta 12. juni 2012 2011-08-24. 
  14. DGM news