In the Flesh
| Vera Song av Pink Floyd frå albumet The Wall |
||
| Utgjeve | 30. November 1979 | |
| Innspelt | April-november, 1979 | |
| Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
| Lengd | 4:19 | |
| Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
| Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
|---|---|---|
| Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
In the Flesh er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.
Innhaldsliste |
Komposisjon [endre]
Songen er forholdsvis høglydt, og introduksjonspartiet inneheld dei same eksplosive orgelsekvensane ein kan høyre i byrjinga av In the Flesh?. Songen går så over i eit rolegare parti med «engleliknande» korsong før tekstpartiet byrjar. Slutten av songen inneheld ein annan høglydt orgelsekvens og songen forsvinn gradvis ut til ropa «Hammer! Hammer! Hammer!».
Handling [endre]
Som dei andre songane på The Wall fortel «In the Flesh» ein del av historia til hovudrolla Pink. Songen markerer den første av ei rekkje songar der Pink i neddopa tilstand ser på seg sjølv som ein slags diktator. I denne songen hallusinerer han at konserten hans er eit politisk oppmøte, og songen er ein satirisk måte å vise korleis tilhengjarar av pop- og rockestjerner forgudar sine heltar.
Denne songen og dei to som følgjer etter, «Run Like Hell» og «Waiting for the Worms», kan òg samanliknast med maktframgangen til Adolf Hitler. «In the Flesh» er kampropet hans om at alle må følgje han. «Run Like Hell» er eit forsøk på å byrje og utslette alle han hatar, og «Waiting for the Worms» er galskapen hans på det verste. Mot slutten tving han folket til å frykte han i staden for å følgje han. I filmen vert dette vist ved at folk lukker gardinene når han går forbi i gata.
Kontrovers [endre]
Enkelte delar av teksten kan virke provoserande for enkelte folkegrupper, inkludert homoseksuelle, jødar og mørkhuda. Tatt ut av samanhengen kan songen virke rasistisk. Songen er derimot satirisk og hånar ikkje berre dei lojale tilhengjarane av musikarar, men òg fordommane mot forskjellige folkegrupper. Det ville til dømes vore latterleg å forfølgje folk med mykje kviser.
Sosiale effektar [endre]
Den fascistiske organisasjonen til Pink har i filmutgåva av albumet symbol forma som to hamrar i kryss. Dette inspirerte ei amerikansk, rasistisk og kvit ekstremistgruppe, som tok namnet Hammerskins, og brukte symbol frå filmen som sine eigne.
Medverkande [endre]
- David Gilmour - gitarar og sekvensar
- Nick Mason - trommer
- Roger Waters - vokal, bass og synthesizer
- Bob Ezrin - synthesizer
- Freddie Mandell - orgel
- James Guthrie - sequencer
- Joe Chemay - korist
- Stan Farber - korist
- Jim Haas - korist
- Bruce Johnston - korist
- John Joyce - korist
- Toni Tennille - korist
Kjelder [endre]
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8