In the Wake of Poseidon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In the Wake of Poseidon
Studioalbum av King Crimson
Utgjeve 15. mai 1970
Innspelt Januar–april 1970, Wessex Sound Studios, London
Sjanger progressiv rock
Lengd 41:02
Selskap Island (UK)
Atlantic (USA)
Vertigo (New Zealand)
Polydor
E.G.
Virgin
Discipline Global Mobile
Kritikk
King Crimson-kronologi
In the Court of the Crimson King
(1969)
In the Wake of Poseidon Lizard
(1970)

In the Wake of Poseidon er det andre studioalbumet til progrockgruppa King Crimson. Då albumet kom ut hadde bandet alt gjort endringar i den første besetninga si, men albumet er likevel mykje i same stil som det første albumet, In the Court of the Crimson King. Som på det første albumet skiftar stemninga på albumet ofte frå det rolege til det kaotiske.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Greg Lake forlet bandet tidleg i 1970, etter at Keith Emerson bad han om å bli med i Emerson, Lake & Palmer. Robert Fripp var då den einaste gjenverande musikaren i bandet og spelte både klaverinstrument i tillegg til gitar. For å kompensere vart Peter Sinfield meir involvert i den kreative prosessen og byrja å utvikle ei interesse for synthesizerar, som vart nytta på dei følgjande platene.

Lake gjekk med på å synge på In the Wake of Poseidon (og fekk PA-utstyret til King Crimson i betaling). Han enda opp med å synge på singelen «Cat Food» og alle utanom eitt vokalspor på albumet. Unntaket var «Cadence and Cascade», som vart sungen av den gamle skulekameraten til Fripp, Gordon Haskell. På eit stadium vurderte bandet å leige inn den då ukjende Elton John til å synge på albumet, men valte å la vere. Andre tidlegare medlemmar spelte òg på albumet, men berre som studiomusikarar. Peter Giles spelte bass og broren Michael Giles spelte trommer. Mel Collins spelte saksofon og fløyte. Ein annan viktig musikar var jazzpianisten Keith Tippett, som spelte ei viktig rolle for stilen til King Crimson på den neste par platene. Tippett fekk tilbod om å verte med i bandet, men ønskte sjølv å berre vere studiomusikar.

25. mars 1970 mima bandet med Fripp, Lake, Tippett, Mike og Peter Giles til singelen «Cat Food» for Top Of The Pops på BBC. Dette var einaste gongen King Crimson spelte på fjernsyn fram til 1981.

Då albumet kom ut hadde ikkje Fripp og Sinfield eit band til å spele songane med. Fripp fekk overtalt Gordon Haskell til å bli med permanent på vokal og bass, og tok inn trommeslagar Andy McCulloch, som tidlegare hadde spelt i Shy Limbs (i lag med Greg Lake, som anbefalte han til Fripp) og Manfred Mann's Earth Band. Mel Collins vart òg teken inn som fulltidsmedlem.

In the Wake of Poseidon fekk god kritikk då det kom ut, men vart kritisert for å vere for likt debutalbumet, og det vart til og med kalla ei etterlikning.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Robert Fripp og Peter Sinfield, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Peace - A Beginning»     0:49
2. «Pictures of a City»     8:03
3. «Cadence and Cascade»     4:27
4. «In the Wake of Poseidon»     7:56
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Peace - A Theme»   Fripp 1:15
6. «Cat Food»   Fripp, Sinfield, Ian McDonald 4:54
7. «The Devil's Triangle»     11:35
8. «Peace - An End»     1:53
Bonusspor på 30-årsjubileumsutgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
9. «Cat Food» (singelutgåve)    
10. «Groon» (B-side) Fripp  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «In the Wake of Poseidon – King Crimson | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/in-the-wake-of-poseidon-r10906. Henta 12. juni 2012. 
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: King Crimson». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=748&name=King+Crimson. Henta 12. juni 2012.