Inambari
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Inambari | ||
|
Foto: Roar Johansen |
||
| Utspring | Nevado Ananea | |
| - Høgd | 4880 | |
| Munning | Madre de Dios | |
| Land i nedslagsfelt | Peru | |
| Lengd | 437 km | |
| Sideelvar | Sangaban og Marcapata | |
| Renn gjennom | Belem, Pacchani, Puerto Leguía med fleire | |
Inambari òg Inampare eller Azul, er ei elv i Peru og ein del av Amazonasbassenget. Det meste av elva renn gjennom regionen Madre de Dios, omtrentleg lengd er 437 kilometer fram til utlaupet i Madre de Dios ved landsbyen Inambari.
Ei kjelde til elva er det snødekte fjellet Ananea, ved Llustha Jakke. Dei største sideelvane som fører vatn til Inambari er elvane Sangaban og Marcapata. Øvre delar av elva renn i regionane Cuzco og Puno. Inambari passerer gjennom landsbyane Belem, Pacchani, Puerto Leguía, Puerto San Carlos, Las Hormigas og Inambari ved munningen av sideelva Mamoré.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Río Inambari frå Spansk Wikipedia .