Inca Garcilaso de la Vega

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inca Garcilaso de la Vega

Pseudonym el Inca Garcilaso de la Vega
Statsborgarskap Det spanske imperiet
Fødd 12. april 1539
Cuzco
Død

23. april 1616 (77 år)
Córdoba

Yrke skribent, historikar, omsetjar, lyrikar, romanforfattar, krønikeskrivar, kunstnar, kunstmålar, prosaforfatter
Sjanger lyrikar
Far Sebastián Garcilaso de la Vega y Vargas
Mor Chimpu Ocllo
Signatur
Inca Garcilaso de la Vega på Commons

«El Inca» Garcilaso de la Vega, eller berre El Inca (fødd Gómez Suárez de Figueroa12. april 153923. april 1616) var ein peruansk forfattar og historikar som særleg tok for seg amerikansk urfolkshistorie.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Garcilaso var fødd i Cusco i Peru med røter frå den kongelege inkafamilien og frå spansk adel. Far hans var conquistadoren Sebastián Garcilaso de la Vega y Vargas (død 1559) og mora var inkaprinsessa Isabel Suárez Chimpu Ocllo, dotter av Tupac Huallpa og barnebarn til den mektige Huayna Capac. Han lærte både spansk og quechua frå han var liten.

Etter at faren døydde fekk Garcilaso ei arv og reiste til Spania for å få utdanning. Han kom fram i 1561 og møtte farbroren sin Alonso de Vargas i Montilla. Farbroren blei ein viktig støttespelar då Garcilaso gjorde krav på godtgjering frå den spanske krona. Han var rekna som uektefødd ettersom ekteskap mellom spanjolar og amerikanske urfolk ikkje blei godkjende på denne tida. Forbitra over slike syn og stolt over sin eigen bakgrunn tok Garcilaso «El Inca» etter herskarane av Inkariket.

I 1570 gjekk Garcilaso inn i den spanske hæren og kjempa mot maurarar i Alpujarra-fjella etter Morisco-opprøret. Han oppnådde kapteinsgrad for deltakinga.

Garcilaso de la Vega blei verande i Spania livet ut. Statusen som inkaættling kunne vera farleg i det ustabile politiske landskapet i det koloniserte heimlandet. Han budde i Montilla fram til 1591, då han flytta til Córdoba. Han ser ut til å ha fått ein son i 1570, som kanskje døydde ung. Han fekk ein annan son, Diego de Vargas, i 1590. Begge sønene fekk han med tenestekvinner.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Inca Garcilaso de la Vega skreiv sitt mest berømte verk, Comentarios Reales de los Incas, i Spania. Verket blei gjeve ut i to delar, i 1609 og 1617. Med sin fleirkulturelle bakgrunn var han godt plassert til å skriva om inkafolket sine liv, historie og den spanske erobringa. Samstundes var han stolt av ætten sin, og skildra riket under inkaen som velstyrt og lukkeleg. Andre delen av verket heitte Historia general del Perú.

Fleire år seinare, då ein oppreist mot kolonistyret under Tupac Amaru II voks fram i 1780, blei verket forbode i Lima på grunn av sitt «farlege» innhald. Boka blei først trykt i Amerika igjen i 1918, men tidlegare trykte utgåver verserte.

La Florida del Inca som kom ut i Lisboa i 1605 tok for seg Hernando de Soto si reise gjennom Florida. Verket bygde på opplysingar Garcilaso hadde innhenta. Det framhever spansk og kristent herredøme som legitimt, men dreg også fram mot, verde og rasjonell tenking hjå dei innfødde.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Inca Garcilaso de la Vega var avbilda på 10-solsetelen i Peru på 1970-talet. Hovdustadionet i Cusco, Estadio Garcilaso de la Vega, fekk namn etter han i 1950.

Dødsdatoen til Inca Garcilaso de la Vega er den same som den til William Shakespeare og Miguel de Cervantes, og blir feira som verdas bokdag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Inca Garcilaso de la Vega ved Wikisource (es).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]