Incheon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
인천
仁川
Incheon
Horisonten til Incheon
Horisonten til Incheon
Byvåpenet til Incheon
Styresmakter
Land
Delstat
Sør-Korea
Sudogwon
Geografi
Flatevidd 964,53 km²
Innbyggjarar
 - By (2018)

2 936 117[1]
Tidssone UTC+9 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.incheon.go.kr
Nettstad: english.incheon.go.kr
Plassering
Plassering av Incheon
Plassering av Incheon

Incheon (인천) er ein hamneby nordvest i Sør-Korea. Han er den tredje største byen i landet, etter Seoul og Busan. Folketalet var i 2005 på om lag 2,6 millionar. Hovudflyplassen og den nest største hamna i landet finst her. Incheon internasjonale lufthamn er den største flyplassen i landet, og blant dei største i Asia.

Inchon ligg ved Gulehavet, 28 kilometer frå den sørkoreanske hovudstaden Seoul. Klimaet i området er relativt tørt. Det er mykje påverka av vindane, som bles sesongsvis. Den nordvestlege vinden treffer byen om vinteren, medan ein om sommaren får sørvestleg vind. Temperaturen plar ligga på rundt 10 °C. I januar er middeltemperaturen som regel -3 °C. I august pleier han vera rundt 25 °C.

Det høgaste fjellet i området er Manisan, som er 469 meter over havet. Dei flesta fjella i området er likevel lågare enn 300 meter over havet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Incheon
Spire Denne geografiartikkelen som har med Sør-Korea å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. 1,0 1,1 https://kosis.kr/eng/statisticsList/statisticsListIndex.do?menuId=M_01_01&vwcd=MT_ETITLE&parmTabId=M_01_01&statId=1962001&themaId=#SelectStatsBoxDiv.