Incroyables et Merveilleuses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein «Incroyable» og ei «Merveilleuse».

Incroyables et Merveilleuses var klengenamn for ei gruppe unge moteløver under det franske direktoriet i siste halvdel av 1790-talet. Desse gruppene var knytt til rojalisme og påverka av antikk og engelsk (særleg lapsete dandy-) kultur. Utviklinga av stilen følgde Thermidor-reaksjonen mot blodbadet i den franske revolusjonen, og var luksuriøs og overdriven.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Juliette Récamier (1777-1849) i gresk drakt måla av François Gérard.

Incroyables var hovudsakleg ei nemning for menn kjenneteikna av ein viss klesdrakt og uttale. Namnet fekk dei etter ei utsegn dei hadde kjær, «c'est incroyable!» ('Utruleg!'). Dei uttalte ikkje r, visstnok fordi ordet «revolusjon» starta med denne bokstaven, og gjorde sj-lyden om til s eller stemd s.

Dei kledde seg i jakker med store brystoppslag og lange skøytar, strame bukser med store knappar som nådde til midt på leggen, og var pynta nedst med flagrande band, høgskafta støvlar. Vidare bar dei kort, stripete vest, eit stort tørkle i halsen opp til haka og tosnuta hatt eller operahatt (ein slags vid, samanklappbar flosshatt).

Dei hadde halvlangt, rufsete hår som hang ned på sidene og over auga, ein frisyre kjend som à Voreille de chien ('hundeøyre'). Håret blei ofte sett opp bak med kam. Det var vanleg å ha ein knortekjepp og briller, lorgnett eller liknande som tilbehøyr. Incroyables blei også kalla jeunesse dorée ('gyllen ungdom') eller muscadins etter moskusparfymen dei gjerne brukte, men desse omgrepa var vidare og tidlegare.

Nymphs og merveilleuses

Dei kvinnelege motstykka til Incroyables blei gjerne kalla Merveilleuses ('vidunderleg') eller liknande namn som Inimaginables eller Inconcevables ('utenkjelege'). Dei kledde seg antikk-inspirerte tunikaer og kjolar av kvite, lette, gjerne gjennomsiktige stoff, ofte med eit drapert sjal til. Figuren skilde seg sterkt frå den tidlegare aristokratiske, som var bygd ut i livet, ved å vera svært rett og følga kroppen tett. Hattane var derimot gjerne overdrivne ein svært lang skugge framme. Håret kunne krøllast og pyntast med band eller klippast kort til minne om det korte håret til dødsdømde før giljotineringa.

Kjende Incroyables et Merveilleuses var Paul François Jean Nicolas, vicomte de Barras, ein av dei fem direktørane under direktoriet, songaren Pierre-Jean Garat, Thérésa Tallien, Anne Françoise Elizabeth Lange, Juliette Récamier og kreolane Fortunée Hamelin og Hortense de Beauharnais. Førstnemnde blei berømt for salongane sine og ei rekkje elskarar. Sistnemnde var dotter av keisarinne Josephine. Ho gifta seg med Louis Bonaparte og fekk sonen Napoleon III.

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]