Indira Mount

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 53°39.79′S 47°55.82′E
Indira Mount
undersjøisk fjell
Topp Sørishavet
 - koordinatar 53°39.79′S 47°55.82′E
Indira Mount is located in Antarktis
Indira Mount (Antarktis)

Indira Mount er eit undersjøisk fjell som ligg i Sørishavet. Det vart oppdaga under Den første indiske ekspedisjonen til Antarktis då dei reiste frå Mauritius til Antarktis.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjellet stig frå ei djupne på kring 4500 meter til kring 1200 meter under havet og har fleire toppar. Ein av desse toppane har ei høgd opp til 880 meter under havbotnen. Sida av fjellet er forholdsvis bratt og hellinga er frå 1:25 til 1:3,7 i nord og 1:6,5 i sør. Fjellet skapar ein magnetisk anomali av orden 1000 gamma. Dette indikerer at fjellet stort sett består av vulkanske bergartar. Dette er eit av dei høgaste undersjøiske fjella i verda.[2][1]

Det vart namngjeve etter tidlegare statsminister av India Indira Gandhi av ekspedisjonsmedlemmane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Department of Ocean Development, Government of India. Annual Report 1983-1984, TECHNICAL PUBLICATION NO. 3., Printed at Dee Kay Printers Kirtinagar, New Delhi
  2. , G. C. Bhattacharya, M. C. Pathak, S. Z. Qasim and H. N. Siddiquie: Indira Mount — An Underwater Mountain in the Antarctic Ocean, NCAOR