Indisk matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Indisk matematikk er eit namn på matematikken som vart utvikla i India . Denne utvikla seg relativt sjølvstendig frå andre kulturar.

Den første perioden varte fram til kring 200 evt. og omhandla hovudsakleg geometri. Dei viktigaste kjeldene til denne perioden er Sulvasutra-reglane, som er tau- eller målereglar som gav forskrifter for bygging av templar og alter.

Den andre perioden i indisk matematikk er tett knytt til astronomi og dei astronomiske verka er i denne perioden dei viktigaste kjeldene til matematikken. Mellom anna finn ein Surya Sidhanta (kring 400 evt.). I denne perioden var trigonometri godt utvikla og ordet sinus er til dømes ei arabisk forvansking av eit sanskrit ord for halvkorde. Indarane hadde òg i denne perioden gode metodar for å løyse ubestemte likningar. Av dei mest kjende matematikarane i denne perioden finn ein Aryabhata (omkring år 500), Brahmagupta (600-talet) og Bhaskara (rundt 1150).

Den tredje perioden i indisk matematikk er knytt til den såkalla Kerala-skulen og varte frå kring 1350 til 1550. Viktige matematikarar frå denne perioden var Madhava (1340–1425) og Nilakantha (1445–1545). Kerala-skulen er særleg kjend for handsaminga si av uendelege rekkjer, og dei kjende mellom anna til Leibniz sin formel for π (pi) fleire hundre år før europeiske matematikarar gjorde det.

Det er omdiskutert kor mykje matematikken mellom India, Hellas og Kina påverka kvarandre. Via arabisk matematikk er det derimot klart at delar av indisk matematikk hadde innverknad på europeisk matematikk i mellomalderen og renessansen. Særleg gjeld dette trigonometri og indisk-arabiske tal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]