Indre London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indre London

Indre London (engelsk Inner London) er ei nemning på dei tolv bydelane i Stor-London som tradisjonelt har utgjort London by. Fram til 1965 utgjorde området grevskapet London. Unntaket er North Woolwhich, som blei overført til Newham og dermed høyrer til ytre London. Omgrepet blir òg brukt i ein meir avgrensa og uformell forstand om eit mindre område i indre bykjerne, og då gjerne i samband med omtale av storbyproblem.

Bydelane som blir rekna med er: Camden, Greenwich, Hackney, Hammersmith and Fulham, Islington, Kensington and Chelsea, Lambeth, Lewisham, Southwark, Tower Hamlets, Wandsworth og Westminster. City of London blir ikkje administrert som ein del av Stor-London, men i enkelte samanhengar blir òg denne sjølvstendige byen rekna med, då visse tenester blir utført i samarbeid.

Newham har søkt om å bli omdefinert frå ytre til indre London. Årsaka til dette er at det blir gitt spesielle statlege overføringar til bydelane i indre London for å takle storbyproblem, og bydelsrådet i Newham meiner at bydelen slit like mykje med desse problema som dei i indre London.

Indre London til statistikkbruk

I enkelte samanhengar, spesielt i forhold til folketalstatistikk, blir ein annan definisjon der Haringey og Newham er inkludert brukt, medan Greenwich blir rekna som ein del av ytre London.