Indre bølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indre bølgjer (markert med piler) i Gibraltarsundet

Indre bølgjer er tyngdebølgjer som svingar i eit væskemedium og ikkje på overflata av det. Dei oppstår som følgje av små perturbasjonar i den hydrostatiske likevekta, der balansen vert opprettheldt mellom tyngdekrafta og oppdriftskrafta. Eit enkelt døme er ei bølgje som forplantar seg i grenseflata mellom to væsker som har forskjellig tettleik, som mellom olje og vatn. Indre bølgjer har vanlegvis mykje lågare frekvens og større amplitude enn overflatebølgjer, fordi tettleiksskilnaden (og derfor den tilbaketrekkingskrafta) i ei væske vanlegvis er mykje mindre enn tettleiken til sjølve væska. Indre bølgjer finst overalt i både havet og atmosfæren. Ikkje-lineære isolerte, indre bølgjer vert kalla solitonar.

Atmosfæren og havet er kontinuerleg lagdelt. Den potensielle tettleiken aukar jamt nedover. Indre bølgjer i eit kontinuerleg lagdelt medium kan forplante seg både vertikalt og horisontalt. Dispersjonsforholdet for slike bølgjer er merkeleg: For ein fritt forplantande indre bølgjepakke, er retninga som energien forplantar seg i (gruppefarten) vinkelrett på retninga som bølgjetoppane og bølgjedalane (fasefarten) forplantar seg i. Ei indre bølgje kan verte avgrensa til eit lite område i høgda eller djupna på grunn av forskjellig lagdeling eller vind. Her er bølgja sagt å vere fanga, og det kan oppstå ei vertikal ståande bølgje, der den vertikale komponenten til gruppefarten vert null. Ein fanga intern bølgjemode kan forplante seg horisontalt med parallell gruppe- og fasefartvektorar.

På stor skala er indre bølgjer påverka av både jordrotasjonen og lagdeinga i mediet. Frekvensen til desse geofysiske bølgjerørslene varierer frå den nedre grensa til coriolisfrekvensen (tregleiksrørsle) opp til Brunt-Väisälä- eller oppdriftsfrekvensen (oppdriftssvingingar). Over Brunt-Väisälä-frekvensen kan ein finne flyktige indre bølgjerørsler, som til dømes die som kjem av delvis refleksjon. Indre bølgjer skapt av tidvasstraum over topografi eller havbotn vert kalla indre tidvassbølgjer. På liknande måte oppstår atmosfærisk tidvatn ved den ujamne soloppvarminga ein har gjennom eit døgn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]