Indrebøbibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indrebøbibelen er ei nynorsk bibelomsetjing som kom i 1938. Det var ein revidert utgåve av Fyrebilsbibelen som Studentmållaget gav ut i 1921 . Den fekk namnet Indrebøutgåva etter dei to brørne som stod sentralt i arbeidet: Ragnvald Indrebø, som seinare vart biskop i Bjørgvin, og broren Gustav, som var professor i nynorsk.

I upphavet skapte Gud himmelen og jordi.
Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver det store djupet;
men Guds Ande sveiv yver vatni.
Då sa Gud: Det verte ljos! So vart det ljos.
Og Gud såg at ljoset var godt. Og Gud skilde ljoset frå myrkret.
Og Gud kalla ljoset dag, og myrkret kalla han natt.
Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

1. Mos. 1, 1-5

I denne utgåva var mykje av det særprega språket til Alexander Seippel tona ned, og nynorskutgåva var synkronisert med bokmålsutgåva.

Allereie same året som 1938-utgåva av Bibelen kom ut, vart det gjort eit rettskrivingsbrigde som var tolleg gjennomgripande for nynorsken. I 1959 førte også læreboknormalen til nye endringar. Målet i den nynorske bibelen kom difor til å skilje seg ikkje så lite frå den normalen som nynorskelevar møtte i skulen.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]